ACC421A Verdsettelse
Vår 2025
Høst 2024-
Innhold
Emne for ACC421A er fundamental verdivurdering, og byrjar med å presentere eit rammeverk for verdivurdering:
- strategisk analyse,
- rekneskapsanalyse,
- budsjettering og krav,
- verdsetting, uvisse og
- bruk av verdiestimatet .
Litt meir om innhaldet i dei ulike stega i fundamental verdivurdering:
1) Strategisk analyse inneheld
- bransjeanalyse
- ressursanalyse
2) Rekneskapsanalyse nyttar rapporterte rekneskapstal til å
- lage « trailing »,
- omgruppere for analyse,
- analysere og justere av målefeil , og
- analysere risiko og superrentabilitet
3) Framtidsrekneskap og - krav inneheld
- analyse av vekst ,
- fastsetting budsjett horisonten og å lage
- driftsbudsjettet og fri kontantstraum
- Avkastingskravet til drifta og
- kapitalstruktur
4) Fundamental verdsetting og analyse av uvisse
- Metodar og modellar
- Alle metodane gjev same verdiestimat etter konvergens
- Uvisse
5) Bruk av verdiestimatet
Oppsummert:
ACC421A er ein grundig, stegvis gjennomgang av rammeverket for fundamental verdivurdering, og egnar seg spesielt godt for dei som vil skrive masteroppgåve i emnet. ACC421B er eit emne som legg vekt på å presentere beste praksis, samtidig som emnet er godt forankra i teori. ACC421E er ein engelsk versjon.
-
Læringsutbytte
Som deltaker i ACC421A får emnedeltakarane kunnskap, ferdigheite og generell kompetanse i rekneskapsanalyse og verdivurdering.
Ved emnets slutt kan deltakarane:
Kunnskap
- Gjennomføre strategisk rekneskapsanalyse.
- Nytte innsikt frå slik analyse til å lage framtidsrekneskap og finne avkastingskrav.
- Lage eit godt estimat på verdien av verksemda - og synleggjere uvisse i verdiestimatet.
Ferdigheit
- Analysere strategiske fordeler, vekst og risiko, både for bransjen og for verksemda relativt til bransjen.
- Byggje inn i analysen seinaste rekneskapsinformasjon gjennom å lage «trailing» årsrekneskap.
- Gruppere om rapporterte rekneskapsoppstillingar for investororientert rekneskapsanalyse,
- analysere og justere for målefeil (forsking og utvikling, marknadsføring og individuell nedskriving).
- Analysere kredittrisiko og utarbeide syntetisk rating.
- Finne estimat på historisk avkastingskrav.
- Analysere superrentabilitet - og kople denne mot innsikt frå analyse av strategisk fordel.
- Analysere vekst, budsjettere driftsinntekter og vurdere kva som er ein passande budsjetthorisont.
- Framskrive andre budsjettdrivarar og lage framtidsresultat og -balanse - og finne fri kontantstraum.
- Finne estimat på framtidskravet og analysere strategisk fordel i framtidsrekneskapen,
- gjennomføre fundamental verdivurdering både etter eigenkapital- og selskapskapitalmetoden.
- Gjennomføre verdikonvergens til eitt verdiestimat - og analysere uvissa i dette estimatet.
Generell kompetanse
- Gjennomføre rekneskapsanalyse og verdivurdering.
- Vurdere andre sine verdivurderingar på eit kritisk fagleg grunnlag.
- Opptre som spesialist i fundamental verdivurdering.
-
Undervisningsopplegg
Emnet inneheld
- 18 fagførelesingar i powerpoint med lydfil til kvar plansje,
- 6 fysiske møte med oppgåve- og casegjennomgang, og
- 2 vanlege førelesingar (introduksjon og avslutning).
Praktisk illustrasjon skjer ved hjelp av eit gjennomgangsdøme med tilhøyrande modell i Excel.
-
Anbefalte forkunnskaper
Det er ein fordel, men ikkje eit krav at du på førehand har teke emner i finansrekneskap (til dømes ACC401N eller ACC401E) og emne i rekneskapsanalyse (ACC420N eller ACC420E).
-
Krav til forkunnskaper
Ingen spesielle.
-
Overlapping med andre emner
ACC421A erstattar BUS440A.
Dette emnet kan ikkje kombineres med andre ACC421 emne eller FIE437.
-
Obligatorisk aktivitet (arbeidskrav)
Oppmøte på minst 4 av 6 fysiske fagmøte der meininga er å drøfte innhaldet på 20 ppt-førelesingar, og at deltakarane har sett seg grundig inn i fagstoffet til kvar møte.
Dersom du har godkjent arbeidskrav grå BUS440ABE eller ACC421BE, har du automatisk godkjent arbeidskravet i ACC421A. Men du kan berre ha eit av emna på vitnemålet.
.
-
Vurderingsordning
Skriftleg digital skuleeksamen over 4 timar med tilgang til Excel.
-
Vurderingsuttrykk
A - F.
-
Dataverktøy
Excel og simuleringstillegget Crystal Ball. Nokre plansjar syner til Python, men det er berre for spesielt interesserte.
-
Litteratur
Kjernen i pensum er detaljerte førelesingsplansjar i ppt med lyd
For å få ytterlegare innsikt i praktisk verdivurdering kan du til dømes lese i Koller, T., Goedhart, M. og Vessels, D. "Valuation: Measuring and Managing the Value of Companies", Seinaste utgåve, Wiley.
-
Hjelpemidler til eksamen
Alle skriftlege hjelpemiddel er tillatt (kategori 3).
Kalkulator.
Ei tospråkleg ordbok (kategori 1)
Alt i henhold til Utfyllende bestemmelser til Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole Kap 4
og informasjonen som er gitt her:https://www.nhh.no/for-studenter/forskrifter/ https://www.nhh.no/for-studenter/forskrifter/ https://www.nhh.no/for-studenter/eksamen/hjelpemidler-ved-eksamen/ https://www.nhh.no/for-studenter/eksamen/hjelpemidler-ved-eksamen/
Oppsummering
- Studiepoeng
- 7.5
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Semester
-
Vår. Emnet går våren 2025.
Emneansvarlig
Professor Kjell Henry Knivsflå, Institutt for rekneskap, revisjon og rettsvitskap