Berekraftig finans
Berekraftig finans, òg kalla grøn finans, handlar om at det som oftast løner seg å investere pengar i grøn teknologi.
Finansfaget dreier seg om finansiering. Det vil seie å skaffe pengar til det vi vil satse på, òg kalla «å investere». Alle investeringar, anten det er når vi sjølve kjøper ei leilegheit, når kommunen skal byggje ein skule, eller når ei bedrift skal satse på eit nytt forretningsområde, krev pengar.
Desse pengane, òg kalla kapitalen, må vi anten ta frå inntekta vår eller det vi har spart opp, eller så må vi låne i banken. I bedrifter kan ein i tillegg be eigarane om å kome med meir aksjekapital når det trengst.
Faktaboks
- Aksje: Ein aksje er ein eigardel i eit aksjeselskap. Det tyder at når du kjøper ein aksje, vert du medeigar i det selskapet du investerer i. Eit aksjeselskap har eit visst tal aksjar, og vanlegvis har alle aksjane i eit selskap same verdi.
- Kapital: Innan finans tyder dette ofte pengar som er plasserte i verksemder, men det kan òg vere økonomiske gode som formue, eigedom eller produksjonsmiddel (til dømes maskiner i ein fabrikk).
- Kapitalforvaltar: Ein person eller eit selskap som har i oppgåve å passe på formuesverdiar på vegner av nokon. Det kan vere tale om aksjar, eigedom, obligasjonar (marknadsbaserte lån) eller andre eigedelar. Målet er at verdiane skal vekse og gje avkastning ut frå kva risiko ein tek.
- Investere: Plassere kapital i noko, til dømes ved å kjøpe aksjar, eigedom eller produksjonsmiddel, i staden for å forbruke verdiane med ein gong.
- Investor: Ein person eller eit selskap som investerer.
- Avkastning: Det du sit igjen med etter at du har selt investeringane dine. Om det går bra, vert det gevinst. Går det dårleg, vert det tap. Vanlegvis fokuserer ein på risikojustert avkastning – om risikoen er høg, må avkastninga òg vere høg før ein er nøgd.
- Risiko: I daglegtalen bruker ein risiko i tydinga fare og om sannsynet for uønskte hendingar og tap. På finansfeltet blir ordet særleg nytta om korleis marknadsverdien, typisk aksjekursen, svingar over tid, men òg om faren for at eit selskap kan gå konkurs.
- Risikoanalyse: Viser kva slags hendingar som kan skje, kor stort sannsyn det er for at dei kan skje, og kva konsekvensar dei kan få . Innan finans tek ein utgangspunkt i kva ein veit om ein aksje, ei bedrift eller ein marknad og bruker sannsynsrekning ut frå marknadsinnsikt for å kome fram til kor høg risikoen er. Om det er aktuelt å investere avheng då av aksjeprisen i dag, risikoanalysen og vurderinga av avkastningspotensialet.
- Klimaavtrykk: Ei utrekning av kor mykje CO2 som blir sleppt ut i løpet av eit år, målt per verksemd, person, bil eller for andre einingar.
- Aksjefond: Eit fond er ei investering der mange investorar betalar inn pengar til ein felles pott. Ein profesjonell fondsforvaltar investerer så desse pengane gjennom å kjøpe og selje mange ulike typar aksjar for å gje investorane best mogleg risikojustert avkastning. Vanlegvis kan investorane òg kjøpe og selje delar i fondet .
- Oljefondet: Er eit av dei største fonda i verda. Målet er å sikre ei ansvarleg og langsiktig forvaltning av inntektene frå olje- og gassressursane i Nordsjøen slik at både dagens og framtidige generasjonar kan nyte godt av denne formuen. Det formelle namnet på oljefondet er Statens Pensjonsfond Utland, og fondet vert forvalta av Norges Bank Investment Management (NBIM).
Krev kloke prioriteringar
I alle desse situasjonane står vi overfor viktige analysar og avgjerder:
- Trur vi at vi vil tene eller tape på det vi investerer i, anten det er ei leilegheit eller eit nytt forretningsområde? Kor sikre kan vi vere på dette?
- Greier vi å skaffe nok pengar til investeringa, og om vi må låne dei – vil vi greie å betale renter og avdrag på lånet?
- Når vi står overfor ulike alternativ som vi kan investere i, korleis veit vi kva som er best? Og kva er eigentleg best? Er det det som gjev høgast avkastning, det som er mest berekraftig eller ein kombinasjon?
- Kva skjer om rentene stig, bustadmarknaden kollapsar, eller konkurrentane kjem med eit betre produkt og vårt prosjekt feilar?
- Kva er risikoen for at verdiane svingar og for at eg ikkje kan få frigjort kapitalen om eg treng den til noko anna?
- Om eg skal investere eigne eller andre sine pengar, kan det hende at spesielle kombinasjonar av investeringar er betre enn andre?
Dette er utfordringar vi møter gjennom heile livet, og vi treng å vere gode til å vurdere og handtere dei. Dei aller fleste vil oppleve at ein har for lite pengar til alt ein ønskjer å gjere eller få til. Då er det viktig at ein greier å gjere kloke prioriteringar av kva som er viktigast og kva ein kan få til.
KAN FÅ STORE KONSEKVENSAR
Situasjonen er den same for bedrifter. Det er viktig å gjere gode finansielle val for å ta vare på verdiane og arbeidsplassane og hindre konkurs. Mange bedrifter har teke opp store lån for å satse på nye felt. Om satsingane viser seg å ikkje slå til, så går dei konkurs fordi dei ikkje greier å betale ned på låna sine.
Når vi sparar til alderspensjonen vår, så møtest desse to perspektiva. Kor mykje vi får i pensjon avheng av kva avkastning vi får på pensjonssparinga gjennom arbeidslivet. Når pengane kan leggjast til side for ein lang periode, vel mange å investere ein stor del av dei i aksjar. Aksjar er eigardelar i bedrifter. Det betyr at vi må investere i dei bedriftene som driv godt og aukar i verdi, elles får vi ikkje den pensjonen vi treng.
MEIR GRØN finans
Finans er viktig for å styre samfunnet mot ei meir berekraftig utvikling. Nye produkt og produksjonsprosessar som har lågare utslepp, treng kapital både til utvikling og så til å realisere produksjonen. Den siste tida har vi sett at til dømes selskap som driv med karbonfangst eller solceller, har hatt svært positiv kursutvikling på børsen. Dette viser både at investorane trur at selskapet kjem til å tene pengar, og dermed gje dei avkastning på det dei har investert, og at investorane har kapital som dei er villig til å skyte inn i selskap med berekraftige løysingar.
Andre tema under Bærekraftig utvikling
Sats på både iskrem og paraply
Finansielle analysar dreier seg difor om å prøve å spå verdien i dag av det som skjer i ei usikker framtid, til dømes kva ein vil tene ved å satse på eit nytt forretningsområde. Då må ein først vurdere kva inntekter og utgifter ein vil få, kor mykje kapital ein treng for å satse og kva slags risiko det er i prosjektet. I tillegg er det slik at ein kan jamne ut risikoen ved å investere i fleire selskap eller prosjekt. Det klassiske dømet er han som sette halvparten av kapitalen i ein paraplyprodusent og halvparten i ein iskremfabrikk. Då var han sikra ei grei avkastning – i gjennomsnitt!