Studiebyen Bergen
Nesten 30 000 studentar har valt Bergen som sin studiestad. Meir enn ti prosent av innbyggjarane er studentar. Det gjer noko med byen.
Mange av utdanningsinstitusjonane i Bergen ligg midt i eller i nærleiken av sentrum. Studentane pregar bybildet, og bidreg til å gjere Bergen til ein ung og urban studentby.
Engasjer deg i studietida
Bergen har et svært aktivt kultur- og uteliv, og mange friviljuge organisasjonar som du kan engasjere deg i.
I tillegg til studentorganisasjonane ved dei ulike studiestadene, finns det organisasjonar som er felles for alle studentane i Bergen. Dei største er kulturhuset Det akademiske kvarter (Kvarteret) og studentidrettslaget BSI. Kvarteret husar konsertscenar, kino, kafe, øvingslokalar og pub, og blir drive av meir enn hundre studentar på friviljug basis. BSI har over to tusen medlemmar og tilbod innan ei lang rekke idrettar frå fotball og handball, til fekting og undervannsrugby.
Les meir og sjå studentkalenderen på studentbergen.no (ekstern lenke)
I Bergen blir det arrangert ei rekkje konsertar og festivalar (blant anna årlege Bergenfest og filmfestivalen Biff), og byen husar kjende kulturinstitusjonar som Den Nationale Scene, Bergen Filharmoniske Orkester og KODE.
Kort vei til det meste
Til tross for at Bergen er Noregs nest største by, vil du likevel oppleve at sentrum er kompakt med gangavstand til det meste: konsertarenaer, parkar, pubar og kafear, kunstutstillingar og museum.
NHH ligg sentralt plassert berre få minutt med buss utanfor sentrum, og eit godt utbygd kollektivtilbod legg til rette for at du skal kunne få mest mogeleg ut av studietida di i Bergen.
Mellom sjø og fjell
Naturen omgjev Bergen på alle kantar. Dei sju byfjella er aldri langt unna, og på berre nokre minutt kan du bytte ut lesesal og studiar med frisk fjelluft og spektakulær utsikt.
Er du glad i skikjøring og ekstremsport finn du flotte mogelegheiter på Voss, berre 1,5 time unna. Nokre av dei flottaste dykke- og klatretilboda finn du også i områda rundt Bergen.
Velkommen til oss
Klar for å bli student i Bergen? Slik søkjer du opptak til NHH