Opptak master i rekneskap og revisjon, eittårig løp

Opptak master i rekneskap og revisjon, eittårig løp

Det er opptak til masterstudiet i rekneskap og revisjon kvar haust.

Slik søker du

!

Søknadsfristen er 15. februar

Søk opptak her frå 1. november (Søknadsweb)

  • All kommunikasjon mellom deg og Seksjon for opptak vil gå føre seg via e-post. Sørg derfor for å bruke ei e-postadresse som fungerer, og sjekk denne jamnleg. Legg til opptak@nhh.no i e-postsystemet for å unngå at viktig informasjon frå oss hamnar i søppelfilteret. 
  • Vel Mastergradsstudier i hovudmenyen og klikk på Søk ved alternativet Masteropptak MRR ettårig høst 2025. Vel så eitt av søknadsalternativa:
  1. 1409 Master i regnskap og revisjon - Bergen
  2. 1408 Master i regnskap og revisjon - Oslo

Du kan velje å føre opp berre eitt søknadsalternativ. Dersom du ønsker å søke på begge alternativa, må du prioritere mellom dei. Du kan endre prioritet fram til søknadsfristen 15. februar.

Krav til dokumentasjon

Oversikt over søkeprosessen og viktige fristar

Opptakskrav

1. Søkarar med master i økonomi og administrasjon (siviløkonom)

Du må ha ei fullført mastergrad i økonomi og administrasjon, eller tilsvarande, med karakteren C eller betre i minst 60 av studiepoenga. Masteroppgåva, samt emne tatt ved NHH og som er obligatoriske i MRR-graden, skal vere inkludert i dei 60 studiepoenga. Dersom resultatet i dei innpassa emna ikkje fyller karakterkravet til statsautorisert revisor, kan gjentak skje etter gjeldande reglar.

Søkarane vert i tillegg rangert etter karaktergjennomsnitt (sjå Rangering under).

Søkarar med den gamle fireårige siviløkonomgraden må søke opptak til det toårige løpet.

2. Søkarar med utanlandsk mastergrad innanfor det økonomisk-administrative fagområdet

  • Du må ha ei bachelorgrad med tilsvarande minst 90 studiepoeng innan økonomi og administrasjon. Maksimalt 45 studiepoeng metodefag (matematikk, statistikk, osb.) kan inngå i dei 90. 30 av studiepoenga må vere innan bedriftsøkonomi eller administrasjon (det vil seie finans, rekneskap, strategi, marknadsføring osb.) Samfunnsøkonomiske emne som mikroøkonomi og makroøkonomi reknast ikkje som bedriftsøkonomiske eller administrative emne.
  • Du må ha ei mastergrad innanfor det økonomisk-administrative fagområdet med tilsvarande karakteren C eller betre i minst 60 av studiepoenga. Masteroppgåva må ha eit omfang på 30 studiepoeng og skal vere inkludert i dei 60 studiepoenga.

Søkarane vert i tillegg rangert etter karaktergjennomsnitt (sjå Rangering under).

Dersom du har utanlandsk mastergrad, må du i tillegg ta enten GMAT- eller GRE-testen. Minimumspoengsum for å bli vurdert er:

  • GMAT: ein totalsum på 600 poeng
  • GRE: 152 poeng på den kvantitative delen

Testresultatet må vere frå dei fem siste åra og må vere tilgjengeleg for NHH i testdatabasen innan 15. februar for å vere gyldige.

Nokre få søkarar med utanlandsk grad er fritatt frå GMAT-/GRE-kravet. Les meir om fritak frå GMAT-/GRE-kravet her.

3. Søkarar med master i rettsvitskap

Du må ha ei fullført mastergrad i rettsvitskap med karakteren C eller betre i minst 60 av studiepoenga på masternivå. Graden må innehalde emne som er tilsvarande NHH-emna ACC440 Foretaksrett og ACC441 Skatte- og avgiftsrett, og karakteren i desse emna må vere C eller betre. I tillegg må du ha karakter C eller betre på masteroppgåva.

For å vere kvalifisert som søkar, må du også ha forkunnskapar i finansrekneskap, samt investering og finans på bachelornivå, med eit omfang på til saman 15 studiepoeng. Emne som fyller kravet til finansrekneskap, samt investering og finans, i ein norsk bachelorgrad i økonomi og administrasjon er godkjent som forkunnskapskrav. 

Søkarane vert i tillegg rangert etter karaktergjennomsnitt (sjå Rangering under).

Rangering av søkarar

1. Søkarar med master i økonomi og administrasjon (siviløkonom)

Sjølv om du fyller opptakskrava i punkt 1-3 over, er du ikkje garantert å få tilbod om opptak. Søkarane vert i tillegg rangert etter karaktergjennomsnittet av dei norske resultata sine, i tillegg til eventuelle praksispoeng (sjå under). Omrekning av bokstavkarakterar skjer slik: A=5, B=4, C=3, D=2, E=1.

Utrekning av karaktergjennomsnitt:

  • Dersom du etter hausten 2024 har meir enn 120 norske studiepoeng på masternivå, reknar vi karaktergjennomsnittet av dei beste 120 studiepoenga. Dersom talet på studiepoeng ikkje kan summerast til nøyaktig 120, reknar vi av det næraste mogelege talet over 120. 
  • Dersom du etter hausten 2024 har mellom 75 og 120 norske studiepoeng, reknar vi karaktergjennomsnittet av alle studiepoenga.
  • Dersom du etter hausten 2024 har færre enn 75 norske studiepoeng med bokstavkarakterar på master, kan du få avslag på søknaden. Dersom du har hatt ein studieprogresjon som samsvarar med den normerte for det aktuelle studiet, kan det gjerast unntak frå kravet om 75 norske studiepoeng med bokstavkarakterar.
  • Vi reknar ikkje med resultat frå vårsemesteret 2025 eller frå utveksling.

For alle søkarar som fullfører graden og/eller som tek eksamen vårsemesteret 2025 i emne som er med å fylle fagkrav, vil eit eventuelt tilbod vere betinga.

Revisjonspraksis

Dersom du har har vore tilsett i 100% stilling som revisjonsmedarbeidar etter fullført master, kan du ha krav på tilleggspoeng. Praksisen må vere basert på standardar utgitt av International Assurance and Auditing Standards Board for å vere godkjent. Praksispoenga vert lagt til karaktergjennomsnittet.

  • 1 års dokumentert revisjonspraksis gir 0,2 tilleggspoeng
  • 2 års dokumentert revisjonspraksis gir 0,4 tilleggspoeng

Du får ikkje poeng for praksis utover 2 år. 

2. Søkarar med utanlandsk mastergrad innanfor det økonomisk-administrative fagområdet

Dersom universitetet/høgskulen du har tatt mastergraden din ved nyttar ECTS-systemet, vert karaktergjennomsnittet utrekna på same måte som for søkarar med master i økonomi og administrasjon (sjå punkt 1). Dersom universitetet/høgskulen du har tatt mastergraden din ved nyttar eit anna karaktersystem, vert søknaden din vurdert individuelt på grunnlag av karakterar og eventuelle praksispoeng. For alle søkarar som fullfører graden og/eller som tek eksamen i emne som er med å fylle fagkrav vårsemesteret 2025, vil eit eventuelt tilbod vere betinga.

Revisjonspraksis

Dersom du har har vore tilsett i 100% stilling som revisjonsmedarbeidar etter fullført master, kan du ha krav på tilleggspoeng. Praksisen må vere basert på standardar utgitt av International Assurance and Auditing Standards Board for å vere godkjent. Praksispoenga vert lagt til karaktergjennomsnittet.

  • 1 års dokumentert revisjonspraksis gir 0,2 tilleggspoeng
  • 2 års dokumentert revisjonspraksis gir 0,4 tilleggspoeng

Du får ikkje praksispoeng utover 2 år. 

3. Søkarar med master i rettsvitskap

Søkarane vert rangert etter karaktergjennomsnittet. Omrekning av bokstavkarakterar skjer på følgande måte: A=5, B=4, C=3, D=2, E=1.

Utrekning av karaktergjennomsnitt:

Karaktergjennomsnittet vert rekna av resultat som er avlagt til og med haustsemesteret 2024. Vi reknar ikkje med resultat frå vårsemesteret 2025 eller frå utveksling. Dersom du fullfører våren 2025, vil eit tilbod om opptak vere betinga. 

Kontakt

E-post
opptak@nhh.no

Karaktergrense MRR ettårig løp Bergen

  • 2024

    2024

    Hovudopptak: Alle kvalifiserte fekk tilbod

     

  • 2023

    2023

    Hovudopptak: Alle kvalifiserte fekk tilbod

  • 2022

    2022

    Hovudopptak: Alle kvalifiserte fekk tilbod

Karaktergrense MRR ettårig løp Oslo

  • 2024

    2024

    Hovudopptak: 4,13

     

  • 2023

    2023

    Hovudopptak: 4,32

    Ingen supplering

  • 2022

    2022

    Hovudopptak: 4,22

    Ingen supplering