Krav til dokumentasjon MØA og MRR, toårig løp
Les informasjonen på denne sida nøye før du lastar opp dokumentasjon til søknaden din.
Kva dokument må lastast opp?
Søknadsskjema
Alle søkarar må fylle ut og laste opp søknadsskjema. Skjemaet gir oss viktig informasjon om kva utdanningsbakgrunn du har og kor langt du har kome i studieløpet. Du finn søknadsskjemaet her:
Søknadsskjema 2025 toårig master - nynorsk
Søknadsskjema 2025 toårig master - bokmål
- Kall fila: soknadsskjema.pdf
Utdanning
- Søkarar med utdanning frå lærestad som nyttar resultatutveksling:
Vi har automatisk tilgang til resultata dine gjennom resultatutveksling. Du treng difor ikkje laste opp dokumentasjon på utdanning.
Dersom du fullfører utdanning våren 2025, må du sende ein e-post til opptak@nhh.no når du har fått siste resultat for våren og lærestaden din har registrert at graden er fullført (frist 1. juli). Vi får ikkje automatisk beskjed når du får nye resultat. Du kan sjå kva resultat vi har tilgang til og om graden din er registrert fullført under "Eksterne resultat" i Søknadsweb.
Har du utveksling? Sjå informasjon under pkt. 3 om utanlandsk utdanning.
Merk! Dersom du ikkje får alle sensurar innan 1. juli og/eller lærestaden ikkje har registrert at graden din er fullført denne datoen, må du ta kontakt med opptak@nhh.no og be om dispensasjon frå ettersendingsfristen. - Søkarar med utdanning frå BI:
Vi har ikkje tilgang til resultata dine, og du må difor laste opp ein digitalt signert PDF-fil med dokumentasjon på utdanning frå Vitnemålsportalen. Resultat delt via lenke er dessverre ikkje tilstrekkeleg, då ho kun er gyldig i ein avgrensa periode.
- Dersom du er ferdig med graden på søketidspunktet, lastar du opp ein PDF-fil som viser resultata dine og at graden er fullført når du søker.
- Dersom du fullfører utdanning våren 2025, lastar du opp dokumentasjon på utdanning både når du søker, og igjen når resultata dine for våren er komne og BI har registrert at graden din er fullført (frist 1. juli).
Les her om korleis du hentar ein digitalt signert PDF-fil.
Her finn du informasjon om korleis du verifiserer ein digital signatur.
Merk! Dersom du ikkje får alle sensurar innan 1. juli og/eller BI ikkje har registrert at graden din er fullført denne datoen, må du ta kontakt med opptak@nhh.no og be om dispensasjon frå ettersendingsfristen.
- Har du utveksling i tillegg? Sjå informasjon under pkt. 3 om utanlandsk utdanning. - Søkarar med utanlandsk utdanning:
Vi har ikkje tilgang til resultata dine, og du må difor laste opp dokumentasjon på utdanning.
- Søkarar med utveksling: Du dokumenterer resultata dine ved hjelp av ein offisiell karakterutskrift frå lærestaden.
- Søkarar med utanlandsk grad som er fullført hausten 2024 eller før: du dokumenterer både resultata dine og fullført grad når du søker, ved å laste opp ditt endelege offisielle vitnemål frå lærestaden.
- Søkarar med utanlandsk grad som fullførast våren 2025: du dokumenterer resultata dine med ein offisiell karakterutskrift frå lærestaden når du søker. Når du har fått sensurane frå våren 2025 (frist 1. juli), lastar du opp ditt endelege, offisielle vitnemål frå lærestaden.
Dersom du skal laste opp dokumentasjon på utenlandsk utdanning, kall fila: bachelorutskrift.pdf./bachelorvitnemal.pdf.
Norsk-/Engelskkunnskapar
Dersom du har fullført norsk vidaregåande skule, fyller du kravet til norsk- og engelskkunnskapar. Om du har elektronisk vitnemål frå Nasjonal vitnemålsdatabase (NVB), har vi automatisk tilgang til resultata dine og du treng ikkje å dokumentere språkkunnskapar.
Dersom du ikkje har vitnemål frå NVB, må du laste opp eit offisielt vitnemål frå vidaregåande skule.
Dersom du ikkje har norsk vidaregåande skule, må du fylle kravet til norsk- og engelskkunnskapar. Sjekk på Samordna opptak sine nettsider korleis du fyller dette kravet.
- Dersom du har dokumentasjon å laste opp, kall fila: norskkunnskapar.pdf eller engelskkunnskapar.pdf
Søkjer du MRR med utanlandsk grad?
Då er det ekstra krav til dokumentasjon:
GMAT-GRE-test
Dersom du ikkje er fritatt frå kravet om GMAT-/GRE-test (les om fritaka her), må du ta testen og gjere resultatet tilgjengeleg for NHH innan 15. februar. Testresultatet kan maksimalt vere 5 år gamalt og berre offisielle testresultat gjort tilgjengeleg i testdatabasen er gyldig. Vi ber deg i tillegg om å laste opp ein skanna kopi av ditt uoffisielle testresultat. Dersom du ikkje har tatt testen når du søker, ver venleg å indikere kva dato du planlegg å ta han. Hugs at det kan ta inntil 20 dagar frå du tek testen til resultatet er tilgjengeleg for oss.
Programkode GMAT: 7KZ-ZK-01
Programkode GRE: 0686
- Kall fila: GMAT.pdf eller GRE.pdf
Forklaring av karaktersystem
Dersom lærestaden din nyttar eit anna karaktersystem enn ECTS bokstavkarakterar, må du laste opp ei offisiell forklaring av karaktersystemet. Forklaringa finn du som oftast på karakterutskrifta eller vitnemålet ditt.
- Kall fila: karaktersystem.pdf
Forklaring av studiepoengsystem
Dersom lærestaden din nyttar eit anna studiepoengsystem enn ECTS, må du laste opp ei offisiell forklaring av studiepoengsystemet. Forklaringa finn du som oftast på karakterutskrifta eller vitnemålet ditt.
- Kall fila: studiepoengsystem.pdf
RETTLEIING FOR OPPLASTING AV DOKUMENT
- Skanne og last opp dei originale dokumenta du har mottatt frå lærestaden din i PDF-format.
- Last berre opp dei dokumenta vi ber om. Andre dokument vert ikkje vurdert og kan forseinke behandlinga av søknaden din. Om mogeleg, last opp alle dokumenta samtidig.
- Hugs å skanne begge sider av dokumenta. Dersom eit dokument har fleire sider, lag ei samla fil.
- Vi ber om at du gir namn til filene slik vi foreslår ovanfor, slik at det er enkelt å sjå når søknaden er komplett.
Viktig informasjon om dokumentasjon
- Du er sjølv ansvarleg for å laste opp all relevant dokumentasjon til søknaden innan fristen. Berre resultat frå vårsemesteret kan lastast opp etter søknadsfristen.
- Det er ditt eige ansvar at den dokumentasjonen du har lasta opp er uendra og ekte. Eit tilfeldig utval av studentar vil bli bedne om å vise fram originaldokumentasjon ved studiestart. Studentar som på spørsmål frå NHH ikkje kan leggje fram slik dokumentasjon, vil kunne miste studieretten, jf. § 2-8 punkt e i Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole.
- Opplasting av falske dokument er ulovleg og vil bli meldt til politiet.
- NHH reserverer seg retten til å kontakte institusjonar og firma for forklaring/verifisering av opplasta dokument.