Etikk, samfunnsansvar og bærekraft

Etikk, samfunnsansvar og bærekraft

Studentar som byrjar på masterprogrammet frå og med hausten 2024 må velje minst 7.5 studiepoeng frå kursa som er merka "Etikk, samfunnsansvar og berekraft" (ERS).

Avhengig av kva for eit ERS-kurs du vel, kan det vere ein del av hovedprofilen eller støtteprofilen din. Sjå kursbeskrivinga for meir informasjon.

ERS-emnet kan inngå i hovudprofil, støtteprofil eller valemne. I nokre tilfelle vil du få feilmelding i utdanningsplanen på Studentweb om at ERS-emnet manglar. Dersom du har teke eit ERS-emne kan du sjå bort frå denne feilmeldinga. Studierettleiarane kan elles hjelpe deg med å legge det inn i utdanningsplanen slik at feilmeldinga forsvinn.