Internasjonalisering i eit globalt Professional Service Firm - Center of Excellence som verkemiddel i ein internasjonaliseringsprosess
I masterutreiinga vår var føremålet å studere både føremål og utfordringar med internasjonalisering av eit nasjonalt eigd Professional Service Firm (PSF).
![Ragnhild Breisnes Utkilen and Katarina Vik](/contentassets/e97337a2e9224944a8548028b6a30d74/cibivici_karina_ragnhild.jpg?width=430&factor=2&quality=90)
in Norwegian
Vi studerte ei bedrift der dei nordiske einingane nyleg har slått seg saman til éi eining, men framleis har finansiell autonomi i kvart land.
Bedrifta nytta i denne samanheng Center of Excellence (CoE) som verkemiddel i internasjonaliseringsprosessen. Målet med denne modellen er å levere ekspertise forankra hjå medlemmane i CoE ut til heile bedrifta. Vi ønskja vidare å studere kva utfordringar som er knytt til ei slik etablering.
Funna våre viste at internasjonaliseringsprosessen er eksternt motivert. Føremålet er først å kome krav frå kundane i møte. Kundane vert stadig meir globale, noko som krev at PSF i større grad må integrerast på tvers av landegrenser. Vidare fører denne integreringa til at bedrifta aukar sin relative storleik i den globale bedrifta. Dette gjev større investeringsmoglegheiter og meir påverknadskraft. Eit siste føremål med internasjonalisering er at det skaper betre utviklingsmoglegheiter for tilsette.
Sjølv om bedrifta var i ein tidleg oppstartsfase såg vi at bedrifta var i fare for å gå i nokre fallgruver som litteraturen identifiserer. Ei viktig potensiell utfordring er at medlemmane står i fare for å nedprioritere arbeid i CoE til fordel for primærarbeid i linjeorganisasjonen. Slik situasjonen i bedrifta er i dag, er ikkje arbeid i CoE ein del av evalueringssystemet til dei tilsette. Dette kan potensielt redusere dei tilsette sine insentiv til å prioritere dette arbeidet. Vidare såg vi at det var eit behov for å etablere eit tydeleg mandat for CoE. Dette vil vere med på å skape ei felles forståing av kva rolle CoE skal ha i dei nordiske landa.