Personvernerklæring og informasjonskapslar
Her kan du lesa om korleis NHH samlar inn og bruker personopplysningar via nhh.no og tilknytte domene, og korleis du kan få innsyn og reservera deg mot lagring og bruk av opplysningane.
Personvernerklæring for nhh.no
Kontakt
Spørsmål om personvern og datainnsamling via nhh.no kan rettast til nettredaktør via webmaster@nhh.no
Generelle spørsmål om personvern ved NHH kan rettast til NHHs personvernombod via personvernombud@nhh.no
Rektor ved NHH er behandlingsansvarleg for høgskulens behandling av personopplysningar. For nhh.no er ansvaret delegert til Direktør for kommunikasjon og samfunnskontakt, som er ansvarleg redaktør for nettstaden. Nettredaktør har det daglege driftsansvaret.
Gå til: Søk og Feedback Nettskjema Nyheitsbrev
Informasjonskapslar
NHH bruker informasjonskapslar for å samla inn statistikk om korleis nettstaden nhh.no og subdomene blir brukt. Måla er å vidareutvikla og forbetra nettstaden, og å driva marknadsføring.
Ein informasjonskapsel, eller «cookie», er ei tekstfil som vert lasta ned og lagra i internminnet i nettlesaren din når du besøker ein nettstad eller bruker ei nettside. Informasjonskapslar kan blant anna nyttast til å lagra tidligare brukarinnstillingar, registrera kva sider du besøker og kva val du gjer medan du bruker desse sidene.
Nokre av informasjonskapslane er naudsynte for at sida skal fungera. For nhh.no gjeld dette primært for innsending av skjema via nettsidene.
Kor lenge dei ulike kapslane vert lagra varierer avhengig av funksjon. Nokre vert sletta straks du avsluttar økta på nhh.no, andre vert lagra lenger med mindre du aktivt vel å sletta dei frå nettlesaren din.
Samtykke
Ved å bruka NHHs nettsider samtykkjer du i at vi kan etterlata naudsynte informasjonskapslar i nettlesaren din.
For andre typar informasjonskapslar kan du velja.
Føremonen for deg ved å akseptera cookies kan t.d. vera at sidene reagerer raskare e.l. Føremonen for oss er at vi forstår meir om korleis sidene våre blir brukt slik at vi kan gjera dei betre og meir effektive.
Dersom du aksepterer bruk av marknadsførings-cookies på nhh.no, kan vi også nå deg med marknadsføring når du vitjar andre nettstader. Vi annonserer for studieprogramma våre og etter- og vidareutdanning mot spesifiserte målgrupper. Vi ønskjer at annonsane du får sjå skal vera relevant for deg. Kva sider på nhh.no du faktisk besøker er derfor med på å avgjera om du får sjå reklame, og kva annonser du får sjå.
Anonymisering
Du eller den spesifikke eininga du bruker kan likevel ikkje identifiserast. Vi samlar inn heile den unike IP-adressa (internettprotokolladressa), men denne vert anonymisert ved at vi fjernar dei siste sifra. Statistikk og rapportar blir generert og behandla på avidentifisert gruppenivå, ikkje individuelt.
Blokkering av informasjonskapslar
NHH bruker eit verktøy frå Cookie Information til oversikt over og administrasjon av samtykke kring informasjonskapslar. Her kan brukarane til ei kvar tid styra kva cookies dei aksepterer og sjå detaljar om cookies som er i bruk på nettstaden. Verktøyet er tilgjengeleg via eit ikon nede til venstre på alle skjermar.
Det er også mogeleg å styre dette via nettlesaren.
Dei fleste moderne nettlesarar (Google Chrome, Microsoft Edge og Internet Explorer, Mozilla Firefox, Apple Safari, Opera, etc.) er innstilt på å akseptera informasjonskapslar automatisk.
Dersom du ønskjer å blokkera informasjonskapslar for nettlesaren din, kan du gjera dette via nettlesarens sikkerheitsinnstillingar. Les meir om deaktivering av informasjonskapslar i ulike nettlesarar lengre nede på sida.
Informasjonskapslar i bruk på nhh.no
Det finst svært mange typar informasjonskapslar med ulike funksjonar og varigheit. Dei som er i bruk på nhh.no er grovt sett delt i fire kategoriar:
- Naudsynte: cookies som gjer at sida fungerer.
- Funksjonelle: gjer det mogeleg å lagre opplysningar som endrar måten heimesida ser ut eller oppfører seg på for deg - til dømes ditt foretrekte språk eller den regionen du befinn deg i.
- Statistikk og analyse: hjelper oss å forstå korleis sida blir brukt.
- Marknadsføring: sporar brukarar på tvers av nettstader med mål om å visa relevant reklame. Ein del av desse vert berre plassert dersom du vitjar spesifikke sider på nhh.no.
DETTE SAMLAR VI
- Kvar brukarane kjem frå geografisk
- kva type eining og nettlesar dei bruker
- kor på nettet dei kom frå (søk, andre nettstader, sosiale medium, klikk på annonsar)
- kva sider dei vitjar og kor lenge
- Kva det vert søkt etter på nhh.no
Naudsynte cookies
Desse er knytt til publiseringsverktøyet Episerver og må til for at nettsida skal fungera etter intensjonen. Eit døme er når du fyller ut og sender inn eit nettskjema. Dette er førsteparts-cookies satt av domenet nhh.no.
Analyse og statistikk
NHH bruker analyseverktøya Google Analytics og Siteimprove på nhh.no. Dette er både første- og tredjeparts-cookies satt av domena nhh.no og siteimprove.com.
Informasjon samla inn via Google Analytics vert lagra på Google sine serverar i USA og er underlagt Google sine retningsliner for personvern.
Informasjon samla inn av Siteimprove vert lagra på selskapets serverar i ulike EU-land i henhold til Siteimproves retningsliner for personvern og databehandlaravtale med NHH.
Marknadsføring
NHH bruker teknologi og tenester frå ulike leverandørar for å marknadsføra studieprogramma og etter- og vidareutdanningstilboda våre. Viss du samtykker til det, vert det sett informasjonskapslar og såkalla tags/pikslar – ein liten javascript-kode som kan ha tilsvarande funksjon som informasjonskapslar. Informasjonen desse samlar kan brukast til å nå deg på andre nettstadar med marknadsføring av NHH.
NHH bruker tenestene DoubleClick by Google og Google Ads (tidlegare Google AdWords). Vi bruker også tenester frå Google-eigde YouTube, frå Facebook og LinkedIn og frå AppNexus i samarbeid med Schibsted. Vi bruker Google Tag Manager til å administrera kampanjar, remarketing, m.m.
Målet er at marknadsføringa skal vera så relevant som mogeleg for deg som brukar.
Marknadsføringscookies vert sett av tredjepart via deira domene. Til dømes vil Cookies sett av Google visa til google.com, doubleclick.net eller andre Google-eigde domene.
SLIK KAN DU SLETTA OG BLOKKERA INFORMASJONSKAPSLAR
Ønskjer du å sletta informasjonskapslane eller sørga for at det ikkje blir lagra fleire, kan du endra innstillingane i nettlesaren din.
Følg lenkene under for å finne ut korleis du slettar eller hindrar cookies i dei mest brukte nettlesarane.
• Korleis sletta eller hindra informasjonskapslar i Google Chrome
• Korleis sletta eller hindra informasjonskapslar i Microsoft Edge
• Korleis sletta eller hindra informasjonskapslar i Internet Explorer 9 og 10
• Korleis sletta eller hindra informasjonskapslar i Mozilla Firefox
• Korleis sletta eller hindre informasjonskapslar i Apple Safari
• Korleis sletta eller hindra informasjonskapslar i Opera
SØK og feedback
NHH lagrar informasjon om kva søkeord brukarane nyttar i søkeverktøyet Episerver Find. Formålet med lagringa er å gjera informasjonstilbodet vårt betre. Bruksmønsteret for søk vert lagra i ein eigen database, og de vert berre lagra i aggregert form. Det er berre søkeorda som vert lagra og dei kan ikkje koplast til andre opplysningar om brukarane.
For å gjera søket betre, bruker vi Siteimprove Feedback der brukarar kan melda korleis søket fungerte. Opplysningar som vert skrive inn i feedback vert lagra hos Siteimprove, som er databehandlar i henhold til databehandlaravtale med NHH. NHH er behandlingsansvarleg. Brukarar som sender inn feedback kan ikkje identifiserast på basis av innsende data.
Nettskjema
Viss du fyller ut og sender inn eit skjema via nettsidene, vert opplysningane enten send med e-post til ei spesifisert mottakaradresse ved NHH, eller lagra i publiseringsverktøyet Episerver, eller begge delar. Innsendinga av skjemaet via publiseringsverktøyet er kryptert. For å få tilgang til opplysningane, inkludert eventuelle opplasta filer, må ein både ha tilgang til publiseringsverktøyet (styrt av IT-avdelinga) og redigeringstilgang til sida der skjemaet er publisert (styrt av nettredaktør eller webmaster).
Dei einaste som har full tilgang til alt innhald er systemadministratorane i nettredaksjonen ved Seksjon for kommunikasjon og marknadsføring og driftsansvarlege i IT-avdelinga. Dei nettansvarlege ved dei ulike institutta og avdelingane ved NHH har berre tilgang til sine spesifikke ansvarsområde. I spesielle tilfelle kan representantar frå vår tekniske leverandør Epinova få tilgang til systema i samband med feilsøking eller utvikling.
Personopplysningar som vert samla inn via våre skjema vert berre brukt til det føremålet som går fram av det einskilde skjemaet. Når skjemaet ikkje er i bruk meir, vert skjemadata sletta.
I tilfelle der vi ønskjer å lagra opplysingane til seinare bruk skal du kunna samtykka eller avslå. Eit samtykke kan trekkjast tilbake kva tid som helst. Vi bed aldri om opplysningar som er å rekna som sensitive ved utfylling av skjema.
I nokre tilfelle – til dømes søknadsprosessar knytt til studentutveksling eller liknande – kan det vera naudsynt å lasta opp vitnemål, karakterutskrifter eller andre dokument. Sendinga av opplasta filer er kryptert slik at tredjepart ikkje kan få tak i desse. Filene vert lasta opp filarkivet i publiseringsverktøyet, og er berre tilgjengeleg for gruppene av NHH-tilsette som er nemnde over. Det går ingen kopi av opplasta filer via e-post. Når sakshandsamaren har fått søknader og filer, vert dei opplasta filene sletta frå filarkivet. Nettserverane er plasserte ved NHH, og IT-avdelinga ved IT-sjefen har det daglege ansvaret for drift, vedlikehald, tryggleik og utvikling.
Nyheitsbrev
NHH bruker nyheitsbrevsystem integrert med Microsoft Dynamics Customer Relations Management-system (CRM). Viss du vel å abonnera på nyheitsbreva våre, vert opplysningane du gir oss lagra i CRM-systemet på Microsoft sine serverar. Microsoft er databehandlar.
Microsofts personvernerklæring
Viss du vil avslutta abonnementet kan du melda deg av via lenke i nyheitsbrevet du får. Om du er tidlegare NHH-student som er medlem av nettverket NHH Alumni, kan du logga deg inn via portal-løysinga vår, sjå kva opplysningar vi har lagra om deg og gje eller trekka tilbake ulike samtykke.