Låne lokale ved NHH

Låne lokale ved NHH

Tilsette og studentar kan søke om å låne lokale ved NHH til arrangement utanfor ordinære opningstider.

  • Søknad om å låne lokale skjer via elektronisk søknadsskjema.
  • Søknaden må sendast minimum to veke før arrangementet.
  • Den som sender skjemaet er å rekne som ansvarleg for arrangementet.

Før du søker

Det føresetjast at søker har gjennomgått reglar for bruk av lokale hos NHH, samt reglar for bruk av Sammen-kantiner etter ordinær brukstid. 

Ved studentarrangement som krev eksempelvis teknisk lyd og lys, vakthold, barservering og livestream/filming må ressursar i NHHS bestillast.

Les mer om korleis du gjer dette på studentforeiningas nettsider om booking 

Søknad om lån av lokale hos nHH

Jeg bekrefter at jeg har lest regler for bruk av lokaler / Eg stadfestar at eg har lese reglar for bruk av lokale

Førespurnader om bruk av Jebsen-senteret skal sendast til NHHE Executive ved Therese Fromreide.

Stupet vert brukt til representasjonsarrangement. Det må søkjast om bruk på e-post rektor@nhh.no.

Kontakt

E-post
booking@nhh.no

Reglar for bruk av lokale hos NHH

Ansvarlege kontaktpersonar som representantar for arrangøren

  • Det skal utpeikast to personer som representantar for arrangøren. Disse står ansvarleg ovanfor Administrativ- og Teknisk driftsavdeling i forbindelse med arrangementet.
  • Disse skal være edruelege og sjølv være til stade før, under og etter arrangementet. Dei ansvarlege skal særleg sjå til at arrangementet blir lagt opp og organisert slik at arrangøren varetar omsyn til sikkerhet, brannvern og skjenkereglar.
  • Disse har ansvar for opprydding og tilbakestilling av lokalet ved arrangementsslutt. Det bekreftast at arrangøren har gjort seg kjent med reglar for bruk av Sammen-kantiner etter ordinær brukstid.

Ansvarleg person i samband med opent kjøkken

  • Ved opent kjøkken, dvs. i dei tilfella studentane er delaktig i servering/oppvask, skal studentane utpeike en ansvarleg person godkjend av Sammen.
  • Denne personen skal under heile arrangementet være edrueleg. Under denne type arrangementet krevjast avgift på kr. 1500,- for brekkasje. Beløpet betales inn til NHHs konto: 7694 0500 350. mrk.1320.

Skjenkeløyve

  • Kopi av godkjent søknad om skjenkjebevilling skal førevisast Sammen før arrangementa.
  • Det er arrangørens ansvar å sørge for at løyvet er i orden.

NB! Om ikkje den er i orden kan det medføre umiddelbar stans av arrangementet.