FORELDREHELG HAUST 2020
NHH har dei siste åra arrangert foreldrehelg. Det er ei helg der me inviterer foreldra til studentane våre til å sjå korleis vi har det på NHH. Me tar dei med på ein tur rundt heile campus, og byr også på eit interessant fagleg program der dei får høyre på miniforedrag ved nokre av våre mest anerkjende fagfolk.
Me har hatt stor oppslutning, og fått veldig positive tilbakemeldingar på tidlegare arrangement. Difor vil me gjerne invitere til foreldrehelg også hausten 2020, men som kjent er situasjonen i år litt utfordrande med tanke på planlegging. Difor kan me ikkje garantere at me kan gjennomføre foreldrehelga denne hausten.
Utover sommar og tidleg haust vil me vurdere situasjonen, og gje beskjed dersom me kan arrangere foreldrehelg.
Me vonar me kan treffe dykk!