Studentservice

Studentservice

Det kan kome fram mange store og små spørsmål under studietida. På Servicesenteret hjelper vi deg med å finne svar.

Hos oss kan du få svar på blant anna spørsmål kring studia dine. Kontakt oss gjerne om du treng nokon å snakke med. Du kan sjølv bestille time hos studierettleiar ved å bruke lenkene nedanfor.

Bestill time hos studierettleiar

Bestill karriererettleiing

opningstider

Frå 15. mai til 15. september - Sommertid:

  • Mandag - fredag 08.00 - 15.00 (Juli: 10.00-14.00)

Frå 15. september til 15. mai:

  • Mandag - fredag 08.00 - 15.45

Påske og romjul:

  • Mandag - fredag 10.00 - 14.00

Stillerom og ammerom

Stillerommet er eit rom for stillheit, ettertanke, bøn eller meditasjon. NHH har i tillegg eit ammerom. Besøk Servicesenteret for å få tilgang.

Du finn stilleromma i:

  • Nybygget: Rom D113, ved lesesal 1.
  • Hovudbygget: Rom DU06, nær heis ved Aud A. 

Du finn ammerom i:

  • Servicebygget: Rom S110