Overgang til master utan fullført bachelor

Overgang til master utan fullført bachelor

For å få innvilga overgang frå bachelor til master er det eit krav at du har ein fullført bachelorgrad.

I særlege tilfelle er det mogeleg å få innvilga overgang sjølv om du manglar eit emne i bachelorgraden (hengefag).

Det er strenge krav for å få søknaden innvilga.

Først må tre vilkår vere oppfylt:

Dersom du fyller alle desse tre krava, vil vi gå vidare med søknadshandsaminga og gjere ei vurdering av kapasiteten din til å ha ekstra studiebelastning i ditt første semester på master. I ei slik vurdering vil både studieprogresjon på bachelor, talet på eksamensforsøk brukt i emnet og karaktergjennomsnitt kunne bli tillagt vekt.

Søknaden må vere grunngjeven og, der dette er mogeleg, må du dokumentere årsaka til at du søker (t.d. legeattest).

Søknadsfrist

  • Frist for å søke hengefag til haustsemesteret: 15. juli
  • Frist for å søke hengefag til vårsemesteret: 15. januar  

Slik søker du

Søknadsfristen for å søke om hengefag til hausten 2024 er no ute. 

Svar på søknaden

Vi sender ut svar på søknadane etter kvart som dei blir behandla, men merk at sensuren i dei øvrige emna frå inneverande semester normalt må ha falle før du kan få svar. Du vil uansett få svar i tide til semesterstart.

dersom søknaden blir innvilga

Dersom du får innvilga overgang til master utan fullført bachelorgrad, må du passe på følgande:

  • Bacheloremnet som står att skal prioriterast i forhold til emne på masternivå og du må bestå emnet ved første høve. Det vert ikkje gjort tilpassingar i timeplan/eksamensplan for at du skal få til dette.
  • Du kan ikkje få vitnemål for mastergraden før du også kvalifiserer for vitnemål for bachelorgraden.
  • Når du har oppnådd bestått resultat i emnet som står att, vil bachelorgraden bli skrive ut og det er ikkje lenger muleg å ta kontinuasjonseksamen i emnet.
  • Etter at du har begynt på masterstudiet, vil du ikkje ha høve til å ta eksamen i andre emne i bachelorstudiet enn emnet du har fått innvilga som hengefag.