Tilbod på campus
NHH har det meste av praktiske, studierelaterte tilbod på campus. Ta i bruk tenestene, både NHH sine tilbod og Sammen sine tilbod – dei er der for deg. Følg med på nettsidene for oppdaterte tider.
STUDENTSERVICE
Det kan dukke opp mange store og små spørsmål under studietida. Servicesenteret er der for å hjelpa deg. Hos oss kan du mellom anna få svar på spørsmål kring studia dine eller bestille time hos studierettleiar. Kontakt oss gjerne om du treng nokon å snakke med.
Du finn Servicesenteret i resepsjonen ved NHHs hovudinngang.
Bibliotek
Bøker, og ein stad å lese dei, er noko av det du har mest bruk for i studietida di. På biblioteket i Servicebygget finn du ei stor samling bøker og tidsskrift innan økonomisk-administrative fag. Du brukar studentbevis-appen som lånekort.
Opningstidene i semesteret er måndag torsdag 08.15 – 20.00, fredag 08.15 – 18.00 og laurdag 10.00 – 15.00. Følg med på nettsidene til biblioteket for oppdatert informasjon om biblioteket sine tenester for hausten 2023.
Bokhandel
Bokhandelen Akademika ligg i underetasjen i Servicebygget. Her kan du kjøpe pensumbøker og anna studiemateriell. Opningstidene er måndag – fredag 08.00 – 14.30.
Lesesalar, PC- og kollokvierom
Lesesalane i Servicebygget og Nybygget er døgnopne ved bruk av adgangsbrikke og PIN-kode. PIN-koden til adgangsbrikka er den same som du brukar til å logge inn på Studentweb første gongen. Du får tilsend PIN-koden på e-post i august. Dersom du har gløymt PIN-koden ta kontakt med IT hjelp i Service senteret.
Det er også lesesalsplassar i biblioteket.
Dersom du ønskjer å arbeide i mindre grupper (kollokviar), kan du sjølv reservere kollokvierom på nettsidene til NHH (rombooking). Det er også arbeidsplassar for mindre grupper studentar i biblioteket.
Lehmkuhlhallen
Lehmkuhlhallen er eit treningssenter som ligg på campus og som vert drive av studentsamskipnaden Sammen. Her er det gode fasilitetar for styrke- og uthaldstrening i tillegg til klatreveggar, squashbaner og idrettshall.
Finn meir informasjon på sammen.no
Kantine og kaffibar
Du finn både kantine og kaffibar på campus. Her kan du få kjøpt ferdigsmurd mat, varmmat, kioskvarer og ei rekke typar ferskbrygga kaffi.
Opningstidene i kantina er måndag - torsdag 08.00 - 17.00, fredag 08.00 - 16.00, og kaffibaren i Nybygget har ope måndag – fredag 08.00 – 14.00.
Stillerom/kvilerom/ammerom
Stilleromet/kvileromet skal vere ein stad for ro og ettertanke. Det er livssynsnøytralt og skal vere inkluderande. Stilleromet/kvileromet ligg i Nybygget og er ope måndag – fredag. Høgskulen har også eit ammerom.
Studentombod
Studentombodet har som oppgåve å ta vare på studentane sine interesser og er uavhengig av resten av NHH. Studentombodet avgjer ikkje saker, men vil kunne rådgje deg i alle saker som gjeld tilhøve mellom deg som student og NHH. Hjelp frå studentombodet er gratis og uforpliktande, og studentombodet har teieplikt.
NHH Karrieresenter
NHH Karrieresenter tilbyr karriererettleiing og workshops. Du kan snakka med ein av karriererettleiarane våre om karriereval, jobbmoglegheiter eller korleis du kombinerer studiane og ein praksisplass eller deltidsjobb. Du kan også få tilbakemelding på søknadsdokumenta dine som CV og motivasjonsbrev eller individuell intervjutrening. Les meir her.
Sammen sine tilbod
Som student ved NHH betaler du semesteravgift til studentsamskipnaden Sammen og har dermed tilgang til ei rekke tilbod, både når det gjeld helse, karriere og rådgiving. Du kan til dømes få tannlegehjelp, du kan få akutt legetime, eller du kan bytte fastlege gjennom Sammen.
Sammen tilbyr også gratis psykologhjelp og arrangerer kurs og rådgjeving innan alt frå eksamensangst og stressmestring til jobbsøking og intervjutrening. Les meir på Sammen.no.
Studentprestane i Bergen
Studentprestane har tid til å lytte. Dei er til stades for alle studentar.