Erasmus+ studentar
Viss du skal reisa på utveksling til Europa, inkludert Tyrkia og Island, deltek du i Erasmus+ programmet. Du er ikkje ein Erasmus+ student om du skal på utveksling til Sveits eller Storbritannia.
Erasmus+ er det største utvekslingsprogrammet i verda. Viss du har fått utvekslingsplass ved ein vertsinstitusjon innanfor EU/EØS og Tyrkia, har du rett på Erasmus+ stipend.
NB! Bachelorstudentar må ha tatt 60 studiepoeng før avreise for å motta Erasmus+ stipend.
Dersom du skal på Erasmus+ utveksling, treng du ikkje søka om å få stipend. Du vil få all informasjon av oss i god tid før avreise på studentmailen din.
Viss du skal ha praksis i Europa, kan du søka på Erasmus+ stipend. Du kan lesa meir om traineeship og praksismoglegheitar på denne sida.
-
Finansiering av utvekslingsopphaldet ditt
Finansiering av utvekslingsopphaldet ditt
70% av stipendet vert utbetalt i byrjinga av utvekslingsopphaldet, basert på eit fire månadar langt semester. Dei resterande 30% av stipendet vert utbetalte i semesteret etter at du har vore på utveksling og berre etter at du har oppfylt alle pliktene som Erasmus+ student. Me justerer stipendbeløpet etter nøyaktige dato etter endt utvekslingsopphald.
Viss du trekkjer deg må du betala tilbake heile Erasmus+ stipendet dersom opphaldet har vart mindre enn 2 månader. Du må berre betala tilbake stipendet for den tida som står att viss opphaldet har vart meir enn 2 månadar.
Viss du vert sjuk og må avbryta Erasmus-opphaldet, kan du søka om fritak frå å betala tilbake heile eller delar av stipendet. Legeattest må leggast ved ein slik søknad.
Du vil få stipendet utbetalt i norske kroner med valutakursen som var gjeldande den dagen Kunnskapsdepartementet mottok stipendet frå Europakommisjonen. For studentar som dro på utveksling før hausten 2024, er kursen på 9,84 NOK per euro.
Frå og med hausten 2024 kan du få:
- €530 per månad dersom du drar på utveksling til Danmark, Finland, Island, Irland eller Sverige.
- €470 per månad dersom du drar på utveksling til alle andre land.
Reiste du før hausten 2024? Då får du:
- €460 per månad dersom du drar på utveksling til Danmark, Finland, Island, Irland eller Sverige.
- €410 per månad dersom du drar på utveksling til alle andre land.
-
Ekstra stipend til studentar med færre moglegheiter
Ekstra stipend til studentar med færre moglegheiter
Erasmus+ skal fremja lik tilgang og høve for deltaking i programmet. Studentar med færre moglegheiter har difor høve til å få eit tilleggstipend på €250 per månad
Definisjonen på studentar med færre moglegheiter er fastsett av Kunnskapsdepartementet med utgangspunkt i retningslinjer frå Erasmusprogrammet.
Du kan få tilleggsstipend dersom:
- Du har barn under 18 år. Dette gjeld uavhengig av talet på barn du har, og barnet treng heller ikkje vera med på opphaldet. Studentar skal skriva under på ei erklæring ("Declaration of Honour") for å stadfesta at dei høyrer til kategorien.
- Du har nedsett funksjonsevne og kroniske sjukdommar. Alle studentar som fell inn under SNs definisjon: "Students who have long-term physical, mental, intellectual or sensory impairments which, in interaction with various barriers, may hinder their full and effective participation in society on an equal basis with others" (United Nations Convention on the Rights of Persons with Disabilities, UNCRPD) kjem inn under denne kategorien. Definisjonen er brei, men viser til at nedsett funksjonsevne og den kroniske sjukdommen må vera varig. Studentar som kjem inn under denne kategorien kan levera ei stadfesting frå legen.
- Du har flyktningsstatus: Alle studentar med flyktningsstatus fell inn under denne kategorien. Studentar skal skriva under på ei erklæring ("Declaration of Honour") for å stadfesta at dei høyrer til kategorien.
-
Språk og språktest
Språk og språktest
I Erasmus+ avtalen står det kva språknivå universiteta krev at du skal ha for å fylgja undervisninga hjå dei, anten i engelsk eller eit anna språk. Dei fleste universiteta krev nivå B1 eller B2 frå CEFR (Common European Framework of Reference for Languages).
For Erasmus+ studentar som reiser ut på studie- eller praksisopphald er det valfritt å ta ein språktest før du reiser på utveksling.
Slik går du fram for å ta språktesten:
Testen heitar Placement test og finst på alle 24 EU-språk. Fyrste må du registrera deg slik det er skildra her. Deretter kan du fylgja denne steg for steg skildringa:
- Gå til EU-Academy og logg inn her: https://academy.europa.eu/
- I søktefeltet "What do you want to learn today", skriv inn "Placement test"
- Du kan sjå alle tilgjengelege språktestar, men det er mogeleg å filtrera
- Klikk på språktesten du skal ta
- Inne på sida, trykk "Enrol"
- Trykk deretter på "Attempt quiz now"
- Testen tar 10-45 minutt
- Når du har svart på alle spørsmål, trykk på "Finish attempt"
- Siste side viser språknivået ditt
-
Grant Agreement
Grant Agreement
Alle som skal på Erasmus+ utveksling må fylla ut og levera ein Grant Agreement innan 31. august 2024! Dette er ein kontrakt mellom deg og NHH som skildrar Erasmus+ stipendet og utbetaling. Datoen i Grant Agreement er ein standarddato på fire månadar (ni mnd. for dobbelgradsstudentar). Me kjem til å kalkulera det endelege stipendet ditt når me har fått Confirmation of Erasmus+ Stay etter endt utveksling.
NB! Dette er berre for studentar som er på utveksling hausten 2024!
Studentar som skal på Erasmus+ utveksling våren 2025 skal ikkje levera Grant Agreement før dei får beskjed om dette. Innleveringar for utvekslingsemester utanom haust 2024 vert sletta.
-
Online Learning Agreement
Online Learning Agreement
Alle Erasmus+ studentar må ha ein Learning Agreement eller læringsavtale når dei drar på utveksling. Denne skal signerast av studenten, Erasmus+ koordinator ved NHH og vertsinstitusjonen.
NHH brukar Online Learning Agreement (OLA), som vert signert digitalt av alle parter:
- Du må sjølv oppretta ein Online Learning Agreement her. NB! Du må bruka Chrome, Edge eller Firefox - ikkje Internet Explorer
- Du logger på via Feide eller Google. Me tilrår Feide-login, og merk at du må registrera deg fyrste gangen du logger på via Feide
- Du må fylla ut alle felt før du signerer OLA. Me har laga ei detaljert brukarrettleiing som kan vera til god hjelp med dette
- Når du har signert, vert din OLA sendt til NHH ("Sending Institution")
- Dersom alt er i orden, signerer NHH din OLA, og den vert sendt vidare til vertsuniversitetet ("Receiving Institution") for den siste signaturen
Du får beskjed på e-post når ein part har signert.
Det har vore ei omlegging av OLA og det er ikkje mogleg å senda OLA til universitet som ikkje er tilknytta det digitale Erasmus+ systemet. Mange vil kopla seg på innan 2023-24, men det er tekniske forseinkingar og nokre vertsinstitusjonar vil difor kopla seg på seinare.
Dersom vertsuniversitetet ditt ikkje brukar OLA, må du bruka Word-versjonen.
-
Dine plikter
Dine plikter
Som mottakar av eit Eramus+ stipend må du oppfylla følgande plikter:
- Du må lesa Erasmus+ student mobility charter. Dokumentet inneheld informasjon om rettane og pliktene NHH, vertsinstitusjonen og du har i samband med utvekslingsopphaldet ditt.
- Du må fylla ut stipendkontrakten og returnera han til NHH.
- Ta ein Erasmus+ språktest i språket du skal studera på (Online Linguistic Support; OLS) før og etter utvekslingsopphaldet ditt. Dette er valfritt. Les meir om OLS her.
- Levera inn Erasmus+ Online Learning Agreement når du har meldt deg opp i faga du ønsker å ta ved vertsinstitusjonen. Dette er ikkje det same som å søka om førehandgodkjenning av emne til NHH. Meir om førehandsgodkjenning av emne.
- Levera inn Confirmation of Stay (Word, 61kb) i slutten av semesteret ditt i utlandet. Stadfestinga må vera signert av ein representant frå vertsinstitusjonen og returnert til NHH per e-post. Datoene i CoS skjema er grunnlag for stipendrekninga.
- Rapportera til EU-kommisjonen ved å fylla ut eit spørjeskjema om utvekslingsopphaldet ditt. Du vil få ei personleg lenke til spørjeskjemaet i slutten av utvekslingsopphaldet. Dette spørjeskjemaet er ulikt spørjeskjemaet som du får frå NHH. Du må fylla ut både skjemaet frå EU og frå NHH.
NHH sitt Erasmus Policy Statement (pdf, 100kb) skildrar institusjonen sin strategi for å oppfylla pliktene i Erasmus charteret (pdf 1MB).