FØREHANDSGODKJENNING AV EMNE
Alle studentar som skal på utveksling, må søka om førehandsgodkjenning av emne.
NB! Dette skjemaet skal berre nyttast av bachelorstudentar.
Emne som du fullfører ved ein utanlandsk lærestad i samband med eit utvekslingsopphald, vil verta innpassa som valfrie eller obligatoriske emne i bachelorstudiet. Fulltidsbelasting i eit semester tilsvarar 30 studiepoeng. Hugs at det er talet på studiepoeng, ikkje talet på emne du tek, som tel.
Du finn ei oversikt over tidlegare godkjente emne på Canvas («International opportunities at NHH»). Du må søka sjølv om emne du tar, er på lista. Hugs å sjekka at emna du tar, inneheld like mange studiepoeng som dei på lista. Hugs også å sjekka at dei emna du vil ta, faktisk vert tilbydde ved vertsskulen medan du er der. Nokre av emna i lista kan vera nedlagde eller ikkje gå i det semesteret du skal på utveksling.
Dessverre er det ikkje mogeleg å søka om førehandsgodkjenning av nye obligatoriske emne. Studentar kan heller ikkje ta obligatoriske emne på utveksling i sjette semester.
Sakshandsamingstida er om lag tre veker. Du kan senda inn skjemaet fleire gonger, t.d. ved endringar.