Ta emne på utveksling
Studentar må søka om førehandsgodkjenning av emne du ønsker å ta på utveksling.
Fullførte studiepoeng frå utveksling vert innpassa i graden din ved NHH.
Hugs at dette er ei individuell godkjenning som vert arkivert i utvekslingssaka di, og at du difor må søka individuelt om førehandsgodkjenning før du melder deg opp til emne på utveksling. Det at medstudentar har fått positivt svar på sin søknad betyr ikkje at du automatisk har fått godkjenning for dei same emna.
Merk at sjølv om du får NHH sin signatur på eit skjema (opptak, val av emne ved vertsuniversitetet ditt eller liknande), er ikkje dette gyldig som ei førehandsgodkjenning frå NHH. Du må alltid avklara førehandsgodkjenning av emna du skal ta på utveksling, ved å senda inn ein søknad til NHH.
-
BEDS-studentar
BEDS-studentar
Generelle krav
- Du skal ta 30 ECTS medan du er på utveksling.
- Du kan berre ta valemne.
- Du treng ikkje gjera endringar i utdanningsplanen din.
- Du kan berre reisa ut i fjerde semester (vår).
Førehandsgodkjenning
Du treng ikkje søka om førehandsgodkjenning på emna du ønsker å ta på utveksling, men du må lesa gjennom og skriva under på at du har forstått vilkåra.
Emne som overlappar med obligatoriske emne i BEDS-programmet ved NHH vil ikkje verta innpassa. Du finn ei liste over tidlegare ikkje-godkjente emne på Canvas, og me tilrår deg å sjå på lista før du vel emne. Du finn utfyllande skildringar av dei obligatoriske emna ved NHH på nettsida til NHH og tilrår deg å lesa desse emneskildringane for å undersøka om det overlappar med emne du eventuelt vurderer å ta på utveksling.
Valemna du tar på utveksling, må vera innanfor fylgjande fagområde:
- Økonomi og administrasjon
- Politikk og samfunn
- Data science/programmering
- Historie
- Språk
- Kommunikasjon
- Rettsvitskap
- Psykologi
- Sosiologi
Du kan ta språkemne frå nybyrjarnivå i alle språk anna enn engelsk. Du kan ikkje ta språkemne på ditt morsmål, eller på svensk/dansk dersom morsmålet ditt er norsk.
-
BØA-studentar
BØA-studentar
Generelle krav
- Du skal ta 30 ECTS medan du er på utveksling.
- Som hovudregel skal du berre ta valemne. Ved somme skular kan du også ta emne som erstattar BED3/BED5/SOL4/MET4.
- Me tilrår at du reiser ut i fjerde semester (vår), men du kan også reisa ut i sjette semester (vår). Føresetnad for utveksling i sjette semester er at du har fullført alle obligatoriske emne før avreise, slik at du kan ta valfag på utveksling.
Førehandsgodkjenning
Du treng ikkje søka om førehandsgodkjenning på emna du ønsker å ta på utveksling, men du må lesa gjennom og skriva under på at du har forstått vilkåra.
Emne som overlappar med obligatoriske emne i BØA-programmet ved NHH vil ikkje verta innpassa. Du finn ei liste over tidlegare ikkje-godkjente emne på Canvas, og me tilrår deg å sjå på lista før du vel emne. Du finn utfyllande skildringar av dei obligatoriske emna ved NHH på nettsida til NHH og tilrår deg å lesa desse emneskildringane for å undersøka om det overlappar med emne du eventuelt vurderer å ta på utveksling.
Somme skular tilbyr valemne som kan erstatta obligatoriske emne på NHH (BED3, BED5, MET4 og SOL4). Du finn ei oversikt over emna det gjeld på Canvas. Denne lista vert vurdert med jamne mellomrom, og emna vert revurderte kvart andre år. Det må vera nøyaktig same emne som står på lista for å vera innpassa som erstatningsemne. Emne som ikkje tidlegare er godkjente, vil heller ikkje verta godkjente. Ingen nye emne vert vurderte. Du kan erstatta opptil tre obligatoriske emne medan du er på utveksling. Du kan ikkje ta emne som erstattar obligatoriske emne ved NHH dersom du reiser på utveksling i ditt sjette semester.
Hugs at sjølv om emne som erstattar obligatoriske emne ved NHH står i emnekatalogen til vertsuniversitetet, er det ikkje sikkert dei vert tilbydde i det semesteret du skal reisa ut. Du er då sjølv ansvarleg for å endra utdanningsplanen din ved NHH slik at du får ta obligatoriske emne i løpet av normert studietid ved NHH. Ver også merksam på at du ved nokre vertsuniversitetet må ta ein kombinasjon av fleire emne for å erstatta eitt obligatoriske emne ved NHH. Du kan ikkje ta eitt av emna som er ein del av ein slik kombinasjon, og få det innpassa som eit valfritt emne ved NHH. Er berre eitt av emna i kombinasjonen tilgjengeleg, går det heller ikkje an å få det emnet åleine innpassa som det obligatoriske emnet ved NHH.
Valemna du tar på utveksling, må vera innanfor fylgjande fagområde:
- Økonomi og administrasjon
- Politikk og samfunn
- Data science/programmering
- Historie
- Språk
- Kommunikasjon
- Rettsvitskap
- Psykologi
- Sosiologi
Du kan ta språkemne frå nybyrjarnivå i alle språk anna enn engelsk. Du kan ikkje ta språkemne på ditt morsmål, eller på svensk/dansk dersom morsmålet ditt er norsk.
Studieplan
Du treng ikkje gjera endringar i utdanningsplanen din før avreise, men fylgja normal utdanningsplan dei tre fyrste semestera ved NHH. Her finn du kva emne du skal ta kvart semester medan du er bachelorstudent ved NHH. Føresetnad for utveksling i sjette semester er at du har fullført alle obligatoriske emne før avreise, slik at du kan ta valfag på utveksling.
NHH tilrår bachelorstudentar å reisa ut i det fjerde semesteret sitt.
- Du kan flytta BED3 og SAM3 frå fjerde til sjette semester.
- Du kan flytta MET4 frå fjerde til femte semester då dette emnet òg går i haustsemesteret.
På denne måten vil du kunna reisa på utveksling og berre ta valemne ute. Dette gjer det enklare for deg å velja emne ved vertsuniversitetet medan du er på utveksling. Bachelorstudentar som ønsker å reisa ut i det sjette semesteret sitt, må ha fullført alle obligatoriske emne før avreise.
- Du kan flytta BED5 og SOL4 frå sjette til fjerde semester.
- Du kan flytte MET4 frå fjerde til femte semester då dette emnet òg går i haustsemesteret.
-
MØA/MSc-studentar
MØA/MSc-studentar
Generelle krav
- Du skal ta 30 studiepoeng medan du er på utveksling.
- Du kan ikkje ta emne som overlappar med emne du allereie har tatt på NHH, eller planlegg å ta.
- Du må velja emne på masternivå ved vertsuniversitetet som er innanfor NHH sin fagkrets.
- Du kan ikkje få godkjent språkemne som ein del av NHH-graden din.
Førehandsgodkjenning
Du skal ta det som tilsvarar fire av seks valfrie emne i graden din på utveksling (30 studiepoeng). Valfrie emne tas under den valfriemnedelen av NHH-graden. Emna som du tar under utveksling kan vera både innanfor same fagområde som hovudprofilen din (inntil 22,5 studiepoeng) eller dei kan vera frå andre fagområde.
Når me vurderer emne for førehandsgodkjenning, tek me utgangspunkt i hovudprofilen din. Du vil få emna førehandsgodkjent som anten innanfor eller utanfor det same fagområde som hovudprofilen din.
Innan endt grad skal du ha fullført og bestått 22,5 sp i emne med ein annan emnekode eller frå eit anna fagområde enn hovudprofilen din (breiddekravet). Berre valfriemne som ikkje er ein del av hovudprofilen din teller mot breiddekravet ditt. Dersom du enda ikkje har møtt dette kravet, må du sørga for at du tar eit eller flere emne mot breiddekravet ditt som ein del av studieplanen din på utveksling. Viss du er usikker på kva du kan ta på utveksling, så finn du ei liste over tidlegare førehandsgodkjente emne på Canvas.
Du søker ved å senda skjemaet nedanfor til international@nhh.no.
-
MRR-studentar
MRR-studentar
Generelle krav
- Du skal ta 30 studiepoeng medan du er på utveksling.
- Du kan ikkje ta emne som overlappar med emne du allereie har tatt på NHH, eller planlegg å ta.
- Du kan ikkje ta obligatoriske MRR-kurs som står att i graden.
- Du kan ikkje få godkjent språkemne som ein del av NHH-graden din.
Førehandsgodkjenning
Du skal ta det som tilsvarar fire av seks valfrie emne i graden din på utveksling (30 studiepoeng). Valfrie emne tas under den valfriemnedelen av NHH-graden. Emna som du tar under utveksling kan vera både innanfor same fagområde som hovudprofilen din (inntil 22,5 studiepoeng) eller dei kan vera frå andre fagområde.
Når me vurderer emne for førehandsgodkjenning, tek me utgangspunkt i hovudprofilen din. Du vil få emna førehandsgodkjent som anten innanfor eller utanfor det same fagområde som hovudprofilen din.
Innan endt grad skal du ha fullført og bestått 22,5 sp i emne med ein annan emnekode eller frå eit anna fagområde enn hovudprofilen din (breiddekravet). Berre valfriemne som ikkje er ein del av hovudprofilen din teller mot breiddekravet ditt. Dersom du enda ikkje har møtt dette kravet, må du sørga for at du tar eit eller flere emne mot breiddekravet ditt som ein del av studieplanen din på utveksling. Viss du er usikker på kva du kan ta på utveksling, så finn du ei liste over tidlegare førehandsgodkjente emne på Canvas.
Du søker ved å senda skjemaet nedanfor til international@nhh.no.
Søknadsskjema for masterstudentar som byrja etter 2021
Godkjenning som statsautorisert revisor
Finanstilsynet vurderer eventuelle søknader om personleg godkjenning som statsautorisert revisor og har oversikt over alle krav du må oppfylle (til dels karakterkrav til emne som inngår i graden). Har du spørsmål om krava i tilknyting til utveksling, kontakt Finanstilsynet for meir informasjon.
-
Korleis får eg emna inn i graden min ved NHH?
Korleis får eg emna inn i graden min ved NHH?
Når du kjem heim etter utveksling, er du sjølv ansvarleg for å passa på at vertsinstitusjonen sendar karakterutskrifta til deg, eller til NHH, direkte. Det må vera ein verifisert PDF-fil med stempel/signatur/digital signering, eller fysisk kopi. Det kan ikkje vera ein skjermdump. Utskrifta skal du senda til international@nhh.no. Me sendar den vidare til riktig saksbehandlar for endeleg innpass.
Hugs å søka om fullføringstid dersom du strauk i eit eller fleire emne på utveksling 6. semester (bachelor) eller 4. semester (master).
Resultatutveksling mellom Noreg, Sverige og Finland
Resultat kan delast elektronisk mellom utdanningsinstitusjonar i Noreg, Sverige og Finland. Studentar på utveksling i Sverige eller Finland må gjera fylgjande etter avslutta utvekslingsopphald:
- 1) Logg på StudentWeb
- 2) Sjekk at det er hukt av "ja" for utveksling av eksamensresultat med andre institusjonar i profilinnstillingar
- 3) Trykk på "Resultat" heilt øvst
- 4) Vel "Import av resultat frå utanlandsk institusjon" heilt nedst på sida
- 5) Vel Sverige eller Finland
- 6) Trykk på den grøne knappen "Go to chosen country"
- 7) Svar på kort spørjeundersøking
- 8) Send ein e-post til international@nhh.no for å gje oss melding når dette er gjort.