Sommarkurs i Shanghai

Sommarkurs i Shanghai

Delta på sommarkurset "Business and Innovation in China" ved Nordic Centre, Fudan University og oppnå ettertrakta fyrstehandskunnskap om Kina.

!

Søknadsfrist: 25. februar 2025

Nordic Centre at Fudan University er eit felles prosjekt mellom Fudan University i Shanghai og ei rekke partnerskular i Norden. NHH har moglegheit til å senda tre studentar til Nordic Centre sine  sommarkurs. I 2025 vil sommarkurset vera fysisk i Shanghai frå 11. juli tom 25. juli 2025.

I 2025 tilbyr Nordic Centre eit kurs: "Business and Innovation in China". Kurset er retta mot masterstudentar som har liten eller ingen erfaring frå Kina og har eit arbeidsomfang som tilsvarar 5 ECTS. Studentar i siste semester av bachelorstudiane ved NHH kan òg søka. Studiepoenga kan ikkje verta innpassa i bachelor- eller mastergradar ved NHH. Les meir om kurset.

  • Kva kostar det?

    Kva kostar det?

    I 2025 vil sommarkurset ha ei deltakaravgift på 1000 RMB.  Du må betala deltakaravgift, visum, reise, opphald og mat sjølv.

  • Korleis søker eg?

    Korleis søker eg?

    Din søknad vil vera vurdert på grunnlag av dine karakterar ved NHH, din motivasjon og di erfaring. Du må senda fylgjande dokument til international@nhh.no for å søka:

    Vennleg inkluder fylgjande i tittelen på e-posten: "Søknad sommarkurs Fudan/Nordic Centre". Merk at søknadsskjemaet  vera levert i Word-format.

    Du vil få svar på søknaden frå NHH på e-post innan 1. mars. NHH vel ut tre studentar og nominerer dei til Nordic Centre. Nordic Centre gjer dei utvalte studentane endeleg svar på søknaden i slutten av mars - midten av april.