Stipend for studiar i utlandet

Stipend for studiar i utlandet

Ønsker du å ta ein master eller PhD-grad ved eit leiande universitet i utlandet? Det finst ulike stipendordningar du som NHH-student kan søkja på.

  • AKER SCHOLARSHIP

    AKER SCHOLARSHIP

    Aker Scholarship støttar studiar ved Harvard, Caltech, MIT, Stanford, University of Pennsylvania (inkludert Wharton), Oxford, Cambridge, Imperial College London og National University of Singapore (NUS).

    Stipendet gjev deg finansiering som supplerer andre støtteordningar, og du vil normalt ikkje pådra deg studielån under opphaldet. Du vil òg få viktig hjelp i søknadsprosessane til universiteta. Du må søkja omlag eit år før du skal reisa ut. 

    Aker Scholarship blir gjeve til studentar som er fagleg sterke og som har eit ønske om å bidra i samfunnet. Det vert ikkje stilt krav til kva du skal jobba med etter studiet.

    Søknadsfrist er i slutten av september og du søkjer året før du har tenkt til å starta studiet.  

    Les meir om stipendprogrammet på Aker Scholarships nettsider og på Facebook.

  • ENDRE RØSJØS NHH/HBS-STIPEND

    ENDRE RØSJØS NHH/HBS-STIPEND

    Investor Endre Røsjø ønsker å leggja til rette for at fleire studentar skal gå vidare til ein MBA ved Harvard Business School etter studia ved NHH. Han lyser difor ut eit årleg stipend på ein million kroner til NHH-studentar som kjem inn på studiet. 

    KVEN KAN SØKJA?

    • Du må vera norsk statsborgar, eller amerikansk statsborgar med minst ein oldeforelder eller besteforelder som er norsk
    • Du må ha bachelorgrad frå NHH
    • Du må ha fått opptak til, eller ha planar om å søkja opptak til, MBA-programmet ved Harvard Business School

    Her finn du meir praktisk informasjon om søknadsprosessen (PDF 80 kb)

    Søknadsfristen for stipendet er 1. mars.

    Sjå søknadsfrist for MBA-programmet på Harvards nettsider.

  • EUROPE GLOBAL LEADERS SCHOLARSHIP

    EUROPE GLOBAL LEADERS SCHOLARSHIP

    Europe Global Leaders Scholarship er ei spennande moglegheit for fagleg sterke studentar frå Europa for å fortsetja økonomistudiane ved the University of Queensland. 

    Les meir om Europe Global Leaders Scholarship.

  • Fulbright Scholarship

    Fulbright Scholarship

    Fulbright studentstipend tildeles studenter som ønsker å gjennomføre hel, eller del av, en master- eller doktorgrad i USA. Alle fagfelt. Det forutsettes at studiet ikke allerede er påbegynt ved et universitet i USA, og at studiestedet er akkreditert.

    Minimum oppholdstid i USA er ett akademisk år. Unntak gjøres for PhD stipendiater; her er det krav om minimum 4 mnder opphold i USA. Det er ikke krav om at man er tatt opp ved et amerikansk lærested før man søker om stipend fra Fulbright. Søker er selv ansvarlig for søknadsprosessen og for å sikre opptak til akkreditert lærested i USA. Mer informasjon og søknadskrav finnes her.

    Fulbright forskerstipend tilbys norske statsborgere med PhD eller tilsvarende, alle fagfelt. Stipend gis for forsknings- og/eller undervisningsopphold i USA av 3-12 måneders varighet. Mer informasjon og søknadskrav finnes her.

    Søknadsfrist for både studentstipend og forskerstipend er 1.oktober hvert år, med tidligst mulig starttidspunkt i USA 1.august påfølgende akademiske år.

  • H. WESTFAL-LARSEN OG HUSTRU ANNA WESTFAL-LARSENS FOND TIL UNGE PERSONERS UTDANNELSE FOR REDERINÆRINGEN

    H. WESTFAL-LARSEN OG HUSTRU ANNA WESTFAL-LARSENS FOND TIL UNGE PERSONERS UTDANNELSE FOR REDERINÆRINGEN

    Fondets mål er å bidra til utdanninga innanfor reiarnæringa for unge, evnerike personar i Bergen og omland. Fondet støtter studiar eller praksis heime eller i utlandet. Ramma for årets tideling vil vera inntil 1.000,000 NOK som vil vera fordelt på to eller fleire kvalifiserte søkjarar. Søkjarar som vil vektleggja kompetanseheving innan miljø eller informasjonsteknologi er særleg oppmoda til å søkja.

    Søknadsfrist: 22. mai 2024.

    Søknaden må innehalda relevante opplysningar om søkjaren og fylgjande punkt:

    • fagleg bakgrunn
    • stadfesta opptak på relevante lærestader eller innvilga praksisplass
    • ei detaljert skildring av studieplan og progresjon
    • planlagt og dokumentert finansiering av studium eller praksisplass
    • målet med studiet eller praksisplassen

    Avgjerda om tildeling og vilkår vert etter planen fatta i løpet av juni 2024. Les meir om tildelinga i brosjyren for 2024.

    Send søknad med relevant dokumentasjon til fond@wlco.no

  • IE KISTEFOS YOUNG TALENTED LEADERS SCHOLARSHIPS PROGRAM

    IE KISTEFOS YOUNG TALENTED LEADERS SCHOLARSHIPS PROGRAM

    IE Kistefos stipendprogram gjer det mogleg for norske studentar å studera leiing, teknologi eller innovasjon ved IE University.

    Kandidatar kan velja mellom sju mastergradar ved IE Business SchoolIE School of Human Science and Technologies og IE School of Global and Public Affairs.

    Stipend for studieåret 2020-2021 vert gjeve til fem norske studentar. Kandidatar kan søkja på fylgjande utvida programliste:

    • Master in Management
    • Cybersecurity
    • Business Analytics and Big Data
    • Computer Science and Business Technology
    • Digital Business Innovation
    • International Relations
    • International Development

    Alle stipend dekkjer opptil 100 % av studieavgifta samt bustad, reise- og levekostnadar. Stipenda vert gjevne i samsvar med dei økonomiske behova til kvar kandidat.

    Du kan lesa meir om Kistefos-stipendet og søknadsprosessen hos IE Foundation.

  • INTERNATIONAL POSTGRADUATE SCHOLARSHIP

    INTERNATIONAL POSTGRADUATE SCHOLARSHIP

    International Postgraduate Scholarship (IPS) er eit stipend for deg som ønsker å ta ein mastergrad ved Hong Kong Baptist University (HKBU) School of Business.

    Les meir om International Postgraduate Scholarships.

  • KISTEFOS ST. GALLEN MASTERCLASS SCHOLARSHIP (KSMS)

    KISTEFOS ST. GALLEN MASTERCLASS SCHOLARSHIP (KSMS)

    Kistefos St.Gallen Masterclass Scholarship (KSMS) er eit stipend for deg som vil ta ein mastergrad ved University of St.Gallen HSG.

    Stipendet vert finansiert av Kistefos AS.

    Det blir delt ut fire stipend årleg som skal dekkja alle direkte studieavgifter ved HSG. Bu-, reise- og levekostnader dekkjer du sjølv. 

    Stipendiet er i fyrste rekke retta mot studentar som har toppkarakterar fra NHH og BI, men er òg ope for kandidatar med ein annan bakgrunn. Føresetnaden er at du kvalifiserer til opptak på masternivå ved HSG.

    Les meir om Kistefos-stipendet og søknadsprosessen kistefos.no

  • SCHWARZMAN SCHOLARS

    SCHWARZMAN SCHOLARS

    Schwarzman Scholar-programmet tilbyr stipend til sine "Scholars". Som Schwarzman Scholar tar du ein Master i Global Affairs (eitt år) saman med leiarspirer frå heile verda. Fordjup deg i Business, Public Policy eller International Studies, med fokus på Kina. 

    Tsinghua Univeristy er eit av dei fremste universiteta i Kina. Schwarzman Scholars-programmet er utvikla i samarbeid med akademiske leiarar frå Harvard, Yale, Princeton, Oxford, Duke og andre institusjonar verda over.

    Les meir om Schwarzman Scholars