Heimeeksamen og innlevering

Heimeeksamen og innlevering

Fleire kurs på NHH har heimeeksamen og innlevering som vurderingsform. Her finn du viktig informasjon om korleis du gjennomfører desse.

Videoen nedanfor gir deg som student viktig informasjon om kva som er forventa av deg når det gjeld teknisk utstyr, naudsynte førebuingar og kjennskap til sentrale reglar og retningsliner for heimeeksamenar.
  • HEIMEEKSAMEN - GJENNOMFØRAST UTAN BRUK AV FLOWLOCK

    HEIMEEKSAMEN - GJENNOMFØRAST UTAN BRUK AV FLOWLOCK

    Heimeeksamen gjennomførast uten bruk av FLOWlock browser. Eksamen foregår altså ikkje i eit låst miljø slik som ved ein skuleeksamen, og du har tilgong til alle normale funksjonar på datamaskina di.

  • NAUDSYNTE FØREBUINGAR

    NAUDSYNTE FØREBUINGAR

    Kvart semester er det mange studentar som ikkje får akseptert sitt eksamenssvar fordi dei har levert for seint. Det er difor svært viktig at du er tilstrekkeleg førebudd til eksamen, både når det gjeld teknisk utstyr, og kjennskap til korleis du skal gjennomføre eksamensinnlevering heimefrå. Du må sikre at du har:  

     

    • Tilgong til ein fungerande pc
    • Stabil internettilkopling  
    • Kjennskap til korleis ein konverterer ulike filtyper til pdf-format
    • Kjennskap til korleis ein lastar opp filer av ulik storleik i WISEflow.  
    • Kjennskap til korleis ein skanner bildefiler til pdf-format
    • Kjennskap til innleveringsprosedyra i WISEflow.
    Seksjon for eksamen tilrår at alle studenter gjer forsøk på å laste opp ulike filer i demonstrasjonsflower i WISEflow.    
  • INNLEVERINGSFRIST

    INNLEVERINGSFRIST

    Vi tek ikkje imot eksamenssvar som vert levert etter innleveringsfristen 

    Dersom du har tekniske problem i ein innleveringssituasjoner det viktig at du gjer følgjande før innleveringsfristen: 

    1. Send eksamenssvaret ditt som eit vedlegg i korrekt format til eksamen@nhh.no før innleveringsfristen går ut. NB! Lenke til skylagring og lignende aksepteres ikkje, filen må sendes som eit vedlegg på epost eller via Filesender.
    2. Om du ikkje klarer å sende oss ein e-post, enten frå pc eller mobil, kan du i heilt naudsynte tilfeller ringe oss. 
  • EKSTRA TID TIL INNLEVERING

    EKSTRA TID TIL INNLEVERING

    Alle studentar har 15 minutt administrativ tilleggstid for eksamenar kor det skal lastast opp filer i WISEflow. Denne tillegstida skal kun nyttast til å levere inn eksamenssvaret.

    Dei 15 minutta kjem i tillegg til den ordinære eksamenstida. Til dømes; dersom eksamen varer til kl. 14.00, vil ein kunne levere eksamenssvaret før kl. 14:15. 

    Merk at tillegstida ikkje gjeld for eksamener kor det ikkje skal lastast opp filerm, til dømes multiple choice eksamen i FLOWmulti.

    Fristen for å levere eksamenssvaret vil gå fram av den aktuelle flowen i kvart enkelt kurs. 

  • Tekniske problem ved innlevering

    Tekniske problem ved innlevering

    WISEflow er einaste innleveringsportal for eksamensbesvarelser. NHH kan likevel vurdera å senda besvarelsar mottatt på eksamen@nhh.no til sensur dersom kandidaten opplever tekniske problem med WISEflow. Besvarelsen skal ikkje sendast til emneansvarlege. 

    Er filen for stor til å sende på e-post, skal du bruke Sikts teneste Filesender for å senda filene til oss: https://filesender.sikt.no/ Lenkjer til besvarelsar lagra i skytenester aksepterast ikkje. 

    Forutsetningar for å akseptera besvarelsen sendt per epost eller SIKTs filesender: 

    •Besvarelsen er sendt innanfor innleveringsfristen oppgjeve i WISEflow 

    •Besvarelsen er i samme format som aksepterast av WISEflow og i format som eventuelt er oppgjeve i oppgåveteksten 

    Eksempel: på FLOWassign-eksamener utan vedlegg kan det berre leverast 1 PDF-fil. Word-filer sendt på epost vil ikkje verta akseptert 

    •Besvarelsen inneheld samme mengde av filer som aksepterast av WISEflow og eventuelt angitt i oppgåveteksten 

    Eksempel: på FLOWassign-eksamener utan vedlegg kan det berre leverast 1 PDF-fil. 2 PDF-filer vil ikkje verta akseptert. 

    Om Seksjon for eksamen mottar fleire variantar av besvarelsen, vil me berre administrera filer om me får informasjon om kva fil som er riktig innanfor innleveringsfristen.  

    Eksempel: Om besvarelsen er levert både i WISEflow og på epost, vil ikkje Seksjon for eksamen erstatte filen levert i WISEflow med filen levert på epost med mindre me får beskjed om dette innanfor innleveringsfristen. 

     

  • FUSK

    FUSK

    Kvart semester er det NHH-studentar som vert utestengde på grunn av fusk. På heimeeksamen er det ikkje tillatt å samarbeide med andre, eller å presentere andres arbeid som ditt eige. 

    Samarbeid mellom individ eller gruppe om utarbeidelse av eksamenssvaret er ikkje tillatt, og utveksling av eigenprodusert materiale til andre skal ikkje forekome. Ditt eksamenssvar skal bestå av dine eigne vurderingar og analysar.

    Eksamenssvaret ditt vert kontrollert i eit tekstgjenkjenningsprogram, og samanlikna med tidlegare leverte eksamenssvar, masteroppgåver, internettkjelder, artiklar og nettside.  

    Difor er det svært viktig at du 

    • På ein tilstrekkeleg måte siterer og referer kjelder som du har nytta i eksamenssvaret ditt 

    • Ikkje samarbeider med andre om eksamensoppgåva (om ikkje samarbeid eksplisitt er tillatt, til dømes på gruppeinnlevering)  

    • Har sikra at eksamenssvaret ditt er eit resultat av ditt eige, sjølvstendige arbeid  

    Hugs at du ved semesterregistrering stadfestar at du har lese og forstått eksamensreglementet, at du er kjend med kva som reknas for fuskog moglege konsekvensar av dette.   

  • INNLEVERING

    INNLEVERING

    • Gå til no.wiseflow.net/nhh (vi tilrår at du bruker Firefox eller Chrome). 
    • Logg inn med FEIDE (studentepost + passord).
    • Opne riktig flow.
    • Last opp og lever besvarelsen i riktig format i god tid!

    Standard filformat for innlevering er PDF. I nokre tilfelle er det mogleg å laste opp vedlegg i andre format. 

    Eksamenssvaret er ikkje levert før du har klikka på Innlever. I nokre tilfelle må du legge inn forsideinformasjon før Innlever-knappen vert aktivert. Ei korrekt innlevering ser ut som på biletet under. 

  • SÆRLEG OM GRUPPEINNLEVERING

    SÆRLEG OM GRUPPEINNLEVERING

    1. Eit medlem av gruppa loggar seg inn i WISEflow, opprettar ei gruppe og inviterar deltakarene.
    2. Alle deltakarar må logge seg inn og godkjenne gruppemedlemskapen - dykk får ikkje levert utan å gjere dette fyrst.
    3. Eit medlem skal levere på vegne av gruppa. Hugs å klikke på Innlever!