Adgangsbegrensa emne bachelor
Nokre emne i bachelorstudiet i økonomi og administrasjon (BØA) er adgangsbegrensa og har derfor ein tidlegare frist enn andre emne.
ADGANGSBEGRENSA EMNE våren 2025
Det er ingen adgangsbegrensa emne på bachelor dette semesteret.
Slik søker du
- Logg deg inn i SøknadsWeb.
- Vel Adgangsbegrensede emner - Adgangsbegrensede emner bachelor.
- Du kan velje inntil tre emne å søke på, og du må prioritere mellom emna. Du kan få tildelt plass i maksimalt to av emna du søker på. Du må skrive kor mange emne du ønsker å få tilbod på. Skriv "7,5" dersom du ønsker tilbod på eitt emne; skriv "15" dersom du ønsker tilbod på to emne.
- Du må gi beskjed i merknadsfeltet dersom du:
- har tatt eksamenar for første gong vårsemesteret 2024 som du manglar sensur på per 19. august (hugs å skrive kva eksamenar dette gjeld)
- har vore på utveksling på bachelornivå våremesteret 2024 og studiepoenga ikkje er registrert per 19. august
TILBOD OM PLASS OG OPPSTART
- Du får svar på søknaden på e-post fredag 23. august.
- Dersom du får tilbod om plass, men ikkje ønsker plassen, må du takke nei i Søknadsweb innan utgangen av søndag 25. august. Då frigjer du plassen til ein student på venteliste.
- Dersom du ikkje takkar nei innan fristen, vert du undervisings- og vurderingsmeldt i emnet i løpet av måndag 26. august. Du vil få tilgang til emnet i Canvas 27. august, så lenge emneansvarlig har aktivert emnet.
- Dei adgangsbegrensa emna har oppstart tidlegast i veke 35. Du finn nøyaktig timeplan for emna på nettsidene.
Kontinuasjonseksamen?
Dersom du ønsker å melde deg til kontinuasjonseksamen i eit adgangsbegrensa emne, skal du ikkje følge oppskrifta over. Send i staden ein e-post til opptak@nhh.no der du opplyser om kva eksamen du ønsker å ta om igjen så melder vi deg opp.
Svar på søknaden
Du får svar på søknaden fredag 23. august kl. 16. Dersom emnet har oppstart seint i semesteret, vil du få svar i god tid før oppmeldingsfristen 1. september (haust)/1. februar (vår). Svar på søknaden kjem på e-post.
Kven får tildelt plass?
Plassane vert delt likt mellom følgande grupper med søkarar:
- Ordinære bachelorstudentar
- Studentar på utvekslingsopphald på bachelor ved NHH
Dersom det ikkje er nok studentar til å fylle opp plassane i ei gruppe, går plassane til studentar frå den andre gruppa.
Dersom det er fleire søkarar enn plassar i ei av gruppene, gjeld følgande:
- Ordinære bachelorstudentar: studentane vert rangert etter talet på studiepoeng dei har avlagt på bachelor
- Studentar på utvekslingsopphald ved NHH : det vert trekt lodd mellom studentane.
Kontakt
- E-post
- opptak@nhh.no