Løyser utfordringar med nytt tankesett

dd Harald Dommersnes. Foto: Morten Sætre. Interiør NHH: Foto: Trude Brun Wilhelmsen
Alle kommunar bør bli meir kundesentriske og løysingsorienterte, meiner økonomi- og HR-sjef Odd Harald Dommersnes i Austrheim kommune. Sjølv har han teke NHH og UiBs videreutdanning i Design thinking, som handlar om å setja mennesket i sentrum, forstå behov, testa løysingar og skapa verdi. ( Foto: Morten Sætre/Trude Brun Wilhelmsen)
Av Ove Sjøstrøm

26. juni 2024 12:45

Løyser utfordringar med nytt tankesett

Austrheim kommune har teke eit strategisk val om å løfta seg kompetansemessig for å kunna yta gode tenester til innbyggjarane.

– Me kan ikkje lena oss tilbake og tru at alt blir som før. Samfunnet er i endring, og me må endra oss med det. Det krev at me byggjer kompetanse, samarbeider på tvers og tør å tenkja nytt.

Det seier økonomi- og HR-sjef Odd Harald Dommersnes i Austrheim kommune.

– Eg trur vidareutdanning er ein nøkkel til å lykkast med det, anten det er innan design thinking, digitalisering, leiing eller grøn omstilling, seier han.

Satsar på kompetanseheving

Kommunen har teke eit strategisk val om å løfta seg kompetansemessig for å kunna yta gode tenester til innbyggjarane. Nesten heile leiargruppa og fleire av einingsleiarane er i gang med vidareutdanning, dei fleste ved NHH Executive.

– Samfunnet rundt oss er i rivande utvikling. Skal me som offentleg aktør henga med, må me halda oss oppdatert på nye moglegheiter, metodar og teori.

Dommarsneis meiner det er avgjerande at kommunen satsar offensivt på nye løysingar, både når det gjeld tenesteutvikling, teknologi og berekraft. Berre slik kan ein møta forventningane til innbyggjarane og behov i åra som kjem. Sjølv har BI-økonomen valt å vidareutdanna seg innan Design thinking hos NHH og UiB.

Set innbyggjarane i sentrum

Anbefalt

Fagbok: Faust

– Det er jo eigentleg ikkje fagbøker, men å lesa Faust av den tyske forfattaren Goethe gjer noko med deg som menneske, du byrjar å reflektera. Det er overførbart til Design thinking.

Sommarbok: Alt av Jo Nesbø

– Elskar krim og les alt av Nesbø. Med ein gong det er ei ny bok ute, spring eg og kjøper.

Podkast: «Berekraftseventyr» frå NHH 

– Dei to som står bak podkasten, NHH-forskarane Sveinung Jørgensen og Lars Jacob Tynes Pedersen, er fantastiske formidlarar av eit brennheitt tema.

Sommarmat: Sjømat

– Krabbar og reker.

Ferie: Røldal

– For meg er Røldal eit stykke himmel på jord. Dit dreg eg for å slappa av og finna tilbake til meg sjølv. Eg tilrår alle å ta seg tid til å reflektera litt over kvar ein er i livet, og kvar ein vil. Me er alle på ei reise, og av og til treng me å stoppa opp og kjenna etter om me er på rett veg.

Han opplever at studiet har gitt han eit løft både fagleg og som menneske.

– Du lærer ein prosess og får verktøy til å tenkja annleis. Det har vore utruleg givande og inspirerande. Eg har for lengst slutta å pugga og gulpa opp kunnskap. Her skjer det litt meir – du blir utfordra til å sjå ting på nye måtar.

Design thinking handlar om å setja mennesket i sentrum, forstå behov, testa løysingar og skapa verdi.

Alle kommunar bør bli meir kundesentriske og løysingsorienterte, meiner han.

– Det er ei tilnærming eg trur vil bli stadig viktigare i åra som kjem, både i privat og offentleg sektor. Eg er takksam for å ha fått høvet til å læra meir om dette, og gler meg til å ta det i bruk i jobben min.

Rivande utvikling

Kommunen har opplevd store endringar dei siste 50 åra, ikkje minst som følgje av etableringa av oljeverksemd på Mongstad i 1972. Frå å vera ein tradisjonell kystkommune har Austrheim fått eit stort innslag av oljerelaterte arbeidsplassar og eit høgt lønnsnivå.

I motsetning til mange andre distriktskommunar opplever ikkje Austrheim fråflytting og søkkande barnetal. Tvert imot veks kommunen og har ei jamn tilstrøyming av barnefamiliar.

– Me er heldige som har kort veg til Bergen og samtidig ligg tett på den store industriverksemda på Mongstad. Det gjer at me tiltrekkjer oss nye innbyggjarar. Utfordringa vår er å leggja til rette for vidare vekst og utvikling, slik at Austrheim held fram med å vera ein god kommune å bu i, seier Dommersnes.

Nytenkjande metodikk

Han tilrår Design Thinking-studiet på det varmaste, spesielt til godt vaksne leiarar som ønskjer fagleg påfyll og personleg utvikling. Han meiner det kan gi verdifulle perspektiv og eit løft som mange treng midt i karrieren.

Under studiane møtte han leiarar frå ulike bransjar, både privat og offentleg sektor, som jobbar med dei same problemstillingane.

– Ein lærer mykje av å dela erfaringar og diskutera med andre i same situasjon. Eg vil seia at nettverksbygging er ein av dei viktigaste gevinstane med vidareutdanning som voksen.

– NHH Executive leverte på oppdraget?

– Ja, dei har utruleg dyktige forelesarar, eg møtte engasjerte medstudentar med tung kompetanse, ein annleis og nytenkjande metodikk – dette løftar deg både som fagperson og menneske. Viss alle leiarar over 50 år tok dette kurset, trur eg norsk arbeidsliv kunne fått seg eit veldig løft, seier han og smiler.

Sjå heile NHH Executives studietilbod