ACC421A Verdsettelse
Høst 2024
Vår 2025-
Innhold
ACC421A er eit emne i verdivurdering av selskap. Emnet byrjar med å presentere eit rammeverk for fundamental verdivurdering. Rammeverket inneheld analyse, prognose og verdsetting . Sidan emnet legg opp til ein grundig prosess for å lage eit godt verdiestimat, så egnar ACC421A seg godt som kunnskapsgrunnlag for å skrive ei masterutgreiing i verdivurdering. Det blir også skissert forenklingar i samsvar med beste praksis.
Fundamentalanalyse byggjer på offentleg informasjon, særleg års- og kvartalsrapportar. Analysen har to steg:
1) Strategisk analyse, og
2) rekneskapsanalyse,
som i kombinasjon blir kalla strategisk rekneskapsanalyse. Strategisk analyse inneheld bransjeanalyse for å finne ut om bransjen har ein felles bransjefordel, og ressursanalyse for å finne ut om verksemda har ein selskapsfordel i høve til bransjen.
Rekneskapsanalyse går ut på å bruke rapporterte rekneskapstal til å lage «trailing», omgruppere, og justere for målefeil for å gjere tala klare til forholdstalanalyse. Dernest blir forholdstal analyserte for å kartlegge risiko og superrentabilitet. Superrentabilitet måler strategisk fordel og blir kopla mot kvalitativ strategisk analyse, dvs steg 1).
Innsikt frå fundamentalanalyse blir dernest nytta til å lage prognosar og til fundamental verdsetting . Dette skjer i ytterlegare to steg:
3) utarbeiding av framtidsrekneskap og framtidskrav, og
4) fundamental verdsetting og analyse av uvisse.
Framtidsrekneskap startar med å analysere vekst, fastsette budsjetthorisonten og å budsjettere driftsinntekter gjennom å framskrive veksten. Etterpå blir framtidsresultatet og balansen budsjetterte ved å framskrive nokre få budsjettdrivarar, mellom desse netto driftsmargin og omløpet til netto driftseigedelar. Etter at krava til avkasting framover i tid er estimerte, vil strategisk fordel i framtidsrekneskapen bli analysert og kjeldene kopla til strategisk rentabilitetsanalyse i steg 2).
Fundamental verdsetting er å diskontere "framtidsrekneskap" til noverdi ved hjelp av avkastingskravet. Verdsetting blir gjennomført både etter eigenkapital- og selskapskapitalmetoden. Innan kvar metode vil fri kontantstraummodellen, superprofittmodellen og superprofittvekstmodellen bli nytta, og vektene bak kravet blir sekvensielt oppdaterte slik at alle metodar og modellar produserer same verdiestimat. Til sist vil uvissa i verdiestimatet bli synleggjort gjennom sensitivitets-, scenario- og simuleringsanalyse i Excel og ved hjelp av Crystal Ball.
Til slutt kan det fundamentale verdiestimatet nyttast (i steg 5)), til dømes til å kjøpe aksjar om verdiestimatet er signifikant større enn børskursen i høve til uvissa i verdiestimatet.
ACC421A er ein grundig, stegvis gjennomgang av rammeverket for fundamental verdivurdering, og egnar seg spesielt godt for dei som vil skrive masteroppgåve i emnet. ACC421B er eit emne som legg vekt på å presentere beste praksis, samtidig som emnet er godt forankra i teori. ACC421E er ein engelsk versjon.
For ytterligere informasjon om emnet, vennligst besøk emnets hjemmeside:
http://course.nhh.no/master/BUS440/ https://course.nhh.no/master/ACC421A/ -
Læringsutbytte
Som deltaker i ACC421A får studenten kunnskap, ferdigheit og generell kompetanse i rekneskapsanalyse og verdivurdering.
Ved emnets avslutning, kan studenten:
Kunnskap
- Gjennomføre strategisk rekneskapsanalyse.
- Nytte innsikt frå slik analyse til å lage framtidsrekneskap og finne avkastingskrav.
- Lage eit godt estimat på verdien av verksemda - og synleggjere uvisse i verdiestimatet.
Ferdigheit
- Analysere strategiske fordeler, vekst og risiko, både for bransjen og for verksemda relativt til bransjen.
- Byggje inn i analysen seinaste rekneskapsinformasjon gjennom å lage «trailing» årsrekneskap.
- Gruppere om rapporterte rekneskapsoppstillingar for investororientert rekneskapsanalyse,
- analysere og justere for målefeil (forsking og utvikling, marknadsføring og individuell nedskriving).
- Analysere kredittrisiko og utarbeide syntetisk rating.
- Finne estimat på historisk avkastingskrav.
- Analysere superrentabilitet - og kople denne mot innsikt frå analyse av strategisk fordel.
- Analysere vekst, budsjettere driftsinntekter og vurdere kva som er ein passande budsjetthorisont.
- Framskrive andre budsjettdrivarar og lage framtidsresultat og -balanse - og finne fri kontantstraum.
- Finne estimat på framtidskravet og analysere strategisk fordel i framtidsrekneskapen,
- gjennomføre fundamental verdivurdering både etter eigenkapital- og selskapskapitalmetoden.
- Gjennomføre verdikonvergens til eitt verdiestimat - og analysere uvissa i dette estimatet.
Generell kompetanse
- Gjennomføre rekneskapsanalyse og verdivurdering.
- Vurdere andre sine verdivurderingar på eit kritisk fagleg grunnlag.
- Opptre som spesialist i fundamental verdivurdering.
-
Undervisningsopplegg
Emnet inneheld
- 18 fagførelesingar i powerpoint med lydfil til kvar plansje,
- 6 fysiske møte med oppgåve- og casegjennomgang, og
- 2 vanlege førelesingar (introduksjon og avslutning).
Praktisk illustrasjon skjer ved hjelp av eit gjennomgangsdøme med tilhøyrande modell i Excel.
-
Anbefalte forkunnskaper
Det er ein fordel, men ikkje eit krav at du på førehand har teke emner i finansrekneskap (til dømes ACC401N eller ACC401E) og emne i rekneskapsanalyse (ACC420N eller ACC420E).
-
Krav til forkunnskaper
Ingen spesielle.
-
Overlapping med andre emner
ACC421A erstattar BUS440A.
Dette emnet kan ikkje kombineres med andre ACC421 emner eller FIE437.
-
Obligatorisk aktivitet (arbeidskrav)
Oppmøte på minst 4 av 6 gjennomganger av oppgåver og case, og at studenten har sett deg grundig inn i oppgåvene til kvar gjennomgang.
Dersom du har godkjent arbeidskrav fra BUS440ABE eller ACC421BE, har du automatisk godkjent arbeidskrav i ACC421A. Men du kan berre ha eit av emna på vitnemålet.
.
-
Vurderingsordning
Skriftleg digital skuleeksamen over 4 timar med tilgang til Excel.
-
Vurderingsuttrykk
A - F.
-
Dataverktøy
Excel og simuleringstillegget Crystal Ball. Nokre plansjar syner til Python, men det er berre for spesielt interesserte.
-
Litteratur
Kjernen i pensum er detaljerte førelesingsplansjar, som kan lastast ned frå heimesida til emnet. (
).http://course.nhh.no/master/BUS440/ https://course.nhh.no/master/ACC421A/ For å få ytterlegare innsikt i praktisk verdivurdering kan du til dømes lese i Koller, T., Goedhart, M. og Vessels, D. "Valuation: Measuring and Managing the Value of Companies", Seinaste utgåve, Wiley.
-
Hjelpemidler til eksamen
Alle skriftlege hjelpemiddel er tillatt (kategori 3).
Kalkulator.
Ei tospråkleg ordbok (kategori 1)
Alt i henhold til Utfyllende bestemmelser til Forskrift om fulltidsstudiene ved Norges Handelshøyskole Kap 4
og informasjonen som er gitt her:https://www.nhh.no/for-studenter/forskrifter/ https://www.nhh.no/for-studenter/forskrifter/ https://www.nhh.no/for-studenter/eksamen/hjelpemidler-ved-eksamen/ https://www.nhh.no/for-studenter/eksamen/hjelpemidler-ved-eksamen/
Oppsummering
- Studiepoeng
- 7.5
- Undervisningsspråk
- Norsk
- Semester
-
Vår. Tilbys våren 2024.
Emneansvarlig
Professor Kjell Henry Knivsflå, Department Of Accounting, Auditing and Law